Strokne arrangement
Michael Barnes Octet byr på det beste frå Bergen.
Australske Michael Barnes leier oktetten som held til i Bergen.
Pressefoto
Jazz
Michael Barnes Octet:
Out from Under
Are Ovesen, trompet; Håvard K. Funderud, trombone; Aksel Røed og Thomas Nøkling, saksofonar; Michael Barnes, saksofonar og klarinettar; Ivar Kolve, vibrafon; Magne Thormodsæter, bass;
Øyvind Skarbø, trommer.
AMP Music & Records
Michael Barnes har på knappe 20 år blitt ein sentral aktør i det bergenske musikkmiljøet. Barnes er, som platetittelen tyder på, frå Australia, men har gjort bergensar av seg og har meir enn éin finger med i det som skjer på storbandfronten i byen, mellom anna er han for tida musikalsk leiar for Bergen Big Band. Denne innsatsen vart lønt med Storbandprisen i fjor, delt ut av Norsk jazzforum.
Storbandbakgrunnen er meir enn tydeleg i musikken til oktetten. Dei åtte komposisjonane på plata, alle signerte Barnes, vitnar om ein som har teke store steg både som komponist og som arrangør. Det musikalske landskapet han ferdast i, er ein moderne storbandtradisjon med innslag av reggae og afrobeat. Han veit å nytta instrumentariet godt. Arrangementa er så absolutt ei sterk side ved plata. Bruken av vibrafon i staden for piano gjev lydbiletet luftig preg.
Oktetten har eksistert med varierande samansetjing, i alle fall på blåsarsida, men Kolve, Thormodsæter og Skarbø, som over tid har vore eit solid ankerfeste, må vera noko av det mest samspelte og elegante kompet som kan oppdrivast i Bergen.
Sjølv om den skrivne delen av musikken står sentralt, slepper Barnes bandet laus i mange improviserte sekvensar. Ingen nemnde, ingen gløymde, kunne det vera freistande å seia, men høyr på «Fanny Adams» og kora til Kolve og Barnes. Gary Burton og Gerry Mulligan ville ha nikka anerkjennande... Elegant!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.