Stillferdig julemusikk
Solhov er ein heilskapleg produksjon der alle detaljar stemmer.
Solfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas har laga sitt første album saman.
Foto: Isa Holmgren
Folkemusikk
Solfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas:
Solhov
Solfrid Nestegard Gjeldokk, song; Espen Wensaas, gitarar og fløyte; Lars Inge Tverberg, trøorgel; Johan Hedin, nøkkelharpe; Tuva Syvertsen, produsent og kor. Ta:lik
Ein ting trur eg dei aller fleste musikkinteresserte kan vera samde om: Det finst for mange juleplater i verda. Likevel kjem det nye juleplater kvart år, også her til lands. Difor er det gledeleg at denne plata skil seg ut frå den endelause straumen av julesvisker i dårlege popversjonar.
Her får me høyra ni salmar – dei fleste tilhøyrande julehøgtida, men òg nokre kveldssalmar – og visene «Haugebonden» og «Me skal bryggja til jul». Mange vil kjenna att tekstane, medan dei fleste melodiane er meir ukjende folketonar for dei fleste av oss. Fleire av dei medverkande har tilknyting til Hallingdal, men melodiane er henta frå mange stader i landet. I det heile er produksjonen eit fin døme på rikdomen i den folkelege salmesongtradisjonen.
Dette er den første plata til Solfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas, men framføringa framstår som trygg og rutinert. Gjeldokk har god balanse mellom det kontrollerte og det avslappa og overdriv aldri ornamentikk og kvarttonar.
Det er i det heile ein fin ro over plata. Ingen av musikarane forhastar seg, og det er rikeleg med luft og pausar. Instrumenteringa er gjerne lagd i eit mørkt tonelægje, og klangen av djupe strenger og trøorgel blandar seg perfekt med songen. Nøkkelharpespelet til svenske Johan Hedin, som mellom anna er kjend frå samarbeid med Sigrid Moldestad, glir òg fint inn i ensemblet.
Dette er ei plate som er uvanleg konsekvent gjennomført. Det er ingen kontrastar eller overraskingar. Likevel er det aldri keisamt. Alle detaljar kjennest rette, og det er eit truverdig tilhøve mellom tekst og musikalsk utforming. Dette er ei juleplate som trygt kan hentast fram att år etter år.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.