Stilistisk syntese
Georg Muffats kosmopolitiske jubileumsmusikk imponerer.
Lars Ulrik Mortensen dirigerer Concerto Copenhagen.
Foto: Lars Emil E. Simonsen
CD
Georg Muffat:
Armonico Tributo
Concerto Copenhagen; dir.: Lars Ulrik Mortensen. Berlin 2022
1682 blei utropt til jubelår i Salzburg. Byen feira 1100-årsjubileumet sitt, noko som blei markert musikalsk. Den mest kjende jubileumskomposisjonen var hoffkapellmeisteren H.I.F. Biebers Missa Salisburgensis – ei «mammutmesse» for heile 54 stemmer.
Mindre kjent er det kompositoriske jubileumsbidraget til hofforganisten Georg Muffat (1653–1704): Armonico Tributo («Harmonisk hylling»), ei samling med det komponisten kallar fem «sonatar», men som i røynda er concerti grossi, der ei solistgruppe speler mot og med eit stort orkester. Barokkorkesteret Concerto Copenhagen under leiing av Lars Ulrik Mortensen har no spelt inn desse stykka, som er høgbarokk musikk av beste slag.
Corelli og Lully
Muffat var i utlandet dei fyrste seks månadane av jubelåret. I Roma studerte han hjå samtidas største italienske fiolinist og komponist, Arcangelo Corelli, og det er truleg under Corellis rettleiing dei «harmoniske hyllingane» hans blei til. Korleis skal me skildra denne musikken?
Muffats stil har mykje sams med Corellis. Men medan Corelli skreiv i rein italiensk stil (han er blitt ståande som den største klassikaren i italiensk barokkmusikk), sameina Muffat ulike nasjonale stilar og utvikla slik sitt heilt personlege, kosmopolitiske «musikkspråk». Denne internasjonale stilen speglar livet hans: Han kom til verda i dagens franske departement Haute-Savoie og enda til slutt opp i den bayerske grensebyen Passau, ved grensa til Austerrike.
Før han studerte hjå Corelli, hadde han gått i lære hjå den franske musikkens største koryfé og stilskapar, Jean-Baptiste Lully. Og det er Lullys storfelte, elegant ornamenterte og danseprega komposisjonsmåte han i jubileumsverket Armonico Tributo kombinerte med den songleg-virtuose tonen i Corellis italienske musikk.
Walking-bass
Andresatsen «Allegro e presto» i Sonate nr. 1 kan tena som døme. Medan tuttidelane (der alle speler saman) har stolte, punkterte franske rytmar, kling solopassasjane smeikjande italiensk. Concerto Copenhagen får dette fint fram, og presisjonen i fraseringa vitnar om det høge tekniske nivået til orkesteret.
Concerto Copenhagen har ein drivande god basseksjon. Ein sats der basslina styrer det musikalske forløpet gjennom ein såkalla «walking-bass», er femtesatsen «Aria» frå Sonate nr. 2. Denne liknar elles mistenkeleg på ein av satsane i G.F. Händels orgelkonsertar; Händel var då òg kjend for frimodig bruk av andre sin musikk i eigne verk.
Den desidert lengste satsen, ein passacaglia som varer i over ti minutt, avsluttar samlinga. Den kompositoriske kvaliteten imponerer, og eg skjønar godt at den neste generasjonen barokkomponistar – fyrst og fremst J.S. Bach og Händel – tok seg førebilete i Muffats stilistiske syntese.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.