Musikk
Staka opp sin eigen veg
I år er det 200 år sidan komponisten Martin Andreas Udbye vart født.
Komponist og organist Martin Andreas Udbye (1820–1889) var inspirert av tysk romantikk.
Foto: Wikimedia Commons
Martin Andreas Udbye vart født i Trondheim 18. juni 1820. Mora var trønder, og faren, frå Kvikne, var roar og skipper på ein tollkutter. Martin Andreas voks opp på Sanden, det fjordnære området vest for Ravnkloa. Som tiåring fekk den musikalske guten fiolin av foreldra og rettleiing i felespel og noteskrift av ein morbror. På eiga hand lærte han å spela cello og orgel og tileigna seg engelsk og tysk språk.
Etter konfirmasjonen fekk Martin Andreas jobb som huslærar i Verdal og Sparbu. Fristunder vart nytta til komponering og orgelspel. Som attenåring fekk han lærarpost i allmugeskolen i Trondheim. I 1844 vart han tilsett som organist i Hospitalskirken. Han hadde mange privatelevar, men fann likevel tid til å komponere mannskorsongar, romansar og verk for cello og piano.
Frå sjølvlærd til studert
I 1851, med privat stønad, kunne Udbye reise til Leipzig, der han i halvtanna år fordjupa seg i musikkteori, orgelspel og song. Året etter fekk han trykt sin første strykekvartett på eit tysk forlag og den andre to år seinare. At Udbye dermed vart den første nordmannen som fekk kammermusikk publisert i Tyskland, slo ned som ein sensasjon, ikkje minst blant den sjølvoppnemnde musikkeliten i hovudstaden. Og i 1852 fekk Udbye stillinga som songlærar ved Katedralskolen.
Dei følgjande åra komponerte han mellom anna syngespelet En Løverdagskveld og det store verket Aasgaasrdreien for solo, mannskor og orkester. No gav han seg i kast med ei ny utfordring: operaen Fredkulla til libretto av C. Müller. Handlinga er frå sagatida, og Margrete, dotter til sveakongen, skaper fred ved at ho blir gift med Magnus Berrføtt. Såleis får ho tilnamnet Fredkulla (Fredskvinne). Udbye, som alt var kjend som ein uvanleg dugande musikkdramatikar, har i form og orkestrering stort sett følgt klassiske ideal, og musikken ligg tett opp til den skiftande dramatiske handlinga. Han fekk dessverre aldri oppleve operaen som sceneverk. Først i 1997 vart Fredkulla urframført under tusenårsfeiringa i Trondheim.
Forbigått
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.