Musikk

Spanande heilskap

Betre skulekorps finst ikkje.

Publisert

Sjølv om repertoaret i korpsrørsla har forandra eg mykje dei siste 50 åra, kan ikkje det Skarbø Skulekorps held på med, kallast korpsmusikk. Dette er jazzbandet for folk som ikkje likar jazz, hevdar Skarbø sjølv, men han må finna seg i at folk som likar jazz, synest det er spanande å følgja med på dei mange musikalske krumspringa hans.

Den tredje plata til «skulekorpset» er ikkje noko unnatak. Her er strigla amerikansk 80-tals funk, vemodig frisellsk americana, melankolsk indierock og intrikat og gjennomarrangert jazz i ei herleg blanding.

Utgangspunktet var ein dag i studioet og konsert same kvelden for vel eit år sidan. Seinare er stoffet miksa og stramt redigert med ein lang låt etterfølgd av ein kort manifestasjon. Plata opnar med «Miami», som kunne ha vore tittellåten til ein amerikansk krimserie frå 80-talet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement