Seig samanheng
Taylor Swifts album inneheld enkelte friske songar, men samansetninga er underleg monoton.
Pop
Taylor Swift:
Midnights
Republic / Universal
Taylor Swifts Midnights er inspirert av tretten søvnlause netter. Her blir flust av kjenslemotsetnader handsama, men albumet som heilskap er prega av ein myrliknande monotoni – med nokre få friske augeblunk her og der.
Det startar lovande med «Lavender Haze», ei sub-bass-driven neo-soul-sak med fistelvokal som kan minne om Childish Gambino. Andresporet «Maroon» er mindre vellukka. Teksten kjennest pressa inn i noko uoriginale melodiliner, og dream-pop-produksjonen er overmetta. Det er underleg med tredjesporet «Anti-Hero»: Slik det er plassert på albumet, kjennest det som å høyre på Wham i første gir i motbakke med synthbjelleklang.
Dersom ein ser musikkvideoen, gir songen derimot meir meining. Dei tre forskjellige Taylor Swift-versjonane – ein av dei ei kjempe lik lampeånda i den framifrå filmen Three Thousand Years Of Longing – er ein effektiv illustrasjon av teksten, ei fundering rundt dei forskjellige aspekta ein person kan kjenne seg delt opp i.
Bridge-delen på «Question...?» inneheld ein mildt oppsiktsvekkjande produksjonsdetalj som manar fram ei kjensle av innovervend, sarkastisk augerulling; den halvtunge trap- og James Bond-aktige hemnsongen «Vigilante ****» bringar dynamikken opp eit lite hakk. På «Bejeweled», ein av singellåtane frå albumet, blir samlivsproblem handsama på meir generøst vis – repetisjonen av ordet nice er høgdepunktet på plata. «Midnight Rain» inneheld eit islett underleg dissonerande synthkrydder.
Men når eg høyrer albumet frå starten, blir den seige monotonien overveldande. Det er noko med forholdet mellom låtane som gjer det heile seigt og strevsamt.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.