Musikk

Schiff er seg sjølv

Den ungarske pianisten András Schiff i Håkonshallen.
Den ungarske pianisten András Schiff i Håkonshallen.

Konsert

Beethoven, Brahms, J.S. Bach:

Klavermusikk

András Schiff, klaver. Håkonshallen i Bergen, sundag 27. mai

Den ungarske jøden András Schiff boikottar heimlandet på grunn av det han kallar Viktor Orbáns rasistiske og antisemittiske politikk. At Schiff òg har ei politisk side, ja, at han i det heile lever i same verd som vi, er nesten vanskeleg å tru når ein opplever han på konsert. Konsentrasjonen hans er ekstrem, og den suverene kontrollen over det musikalske materialet ulik nokon annan pianist eg har opplevd live; det er liksom ikkje noko skilje mellom musikken og musikaren hjå han.

For dei som har høyrt han fleire gonger før, baud ikkje konserten i den fullsette Håkonshallen på overraskingar; det er mange år sidan Schiff fann eigenarten sin som kunstnar, som han held fast på. Likevel er konsertane hans slike ein minnest, for tolkingane har ikkje éin frase som verkar tilfeldig plassert. Særleg vil eg koma til å hugsa Ludwig van Beethovens (1770–1827) Sonate i Fiss-dur, op. 78, der andresatsen leikar seg med melodien til Rule, Britannia!. Og så det siste stykket på programmet, Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Engelsk suite nr. 6 i d-moll, BWV 811 – Schiff spela den raske «gigue»-satsen med ein så jamn, hypnotisk flyt at eg ynskte han aldri hadde slutta.