Sakrale drama
I Eisenach laga Telemann kyrkjekantatar i operaham.
Borga Wartburg kneisar over byen Eisenach.
Foto: Sjur Haga Bringeland
STANDARD-
INNSPELINGA
Georg
Philipp
Telemann:
Geistliches Singen und Spielen
Il Fondamento; dir.: Paul Dombrecht. Outhere 2006
Tyske Georg Philipp Telemann (1681–1767) var bråmogen. Før tenåra leverte han motettar til kyrkjekoret i heimbyen Magdeburg, og som gymnasiast skreiv han tyske kantatar til den katolske kyrkja (sjølv om han var protestant). I studietida i Leipzig var han jamvel komponist og direktør for operahuset.
Men ein utprega kyrkjekomponist blei han ikkje før fyrst Johann Wilhelm av Sachsen-Eisenach engasjerte han som kapellmeister. Eisenach er mest kjend som fødestaden til J.S. Bach og for Wartburg, borga der Luther omsette nytestamentet frå gresk til tysk. I denne byen komponerte Telemann heile fire årgangar med kantatar for alle sun- og helgedagane i kyrkjeåra (72 verk per årgang). Dette var dei fyrste verkeleg moderne kyrkjekantatane i Tyskland, som mellom andre Bach hadde som førebilete då han skapte sine meisterverk.
Som i operaen
Kva tyder «moderne kyrkjekantatar» i denne saman-
hengen? Dei fire verka det belgiske barokkorkesteret Il Fondamento gav ut på plate i 2006, har moderne poesi, altså barokkpoesi, medan den gamle kantatetypen er tufta på bibel- og salmetekstar. Og så vekslar satsane mellom «resitativ og arie, som i ein operascene», slik Telemanns innovative tekstforfattar i Eisenach, hoffpresten Erdmann Neumeister, formulerte det. Kyrkjemusikk i operaham, altså, og Telemanns musikk er så dramatisk at han ville fungert fint i teateret.
Grunnen til at Il Fondamentos plate med jamne mellomrom hamnar i CD-spelaren min, er ikkje solistane, men komposisjonane. Den eine av dei to sopranane (omslagsheftet listar ikkje opp kven som syng kva) har sløv diksjon, noko som gjer teksten vanskeleg å oppfatta. Og den mannlege alten har ustabil klang og intonasjon, noko han freistar å dekkja over med vibrato – til fånyttes.
Resten av solistane syng derimot bra, særleg bassen. Kor og orkester presterer også godt.
Latterleg
Telemann syner seg som ein meister i å forma melodiane sine etter metrikken og affekten i poesien. På dette punktet overgår han jamvel Bach. (Melodiane til Bach er ofte temmeleg instrumentalt tenkte.) Innleiinga til kantaten Der jüngste Tag wird bald sein Ziel erreichen – «Dommens dag skal snart nå målet sitt» – kunne vore frå ein tragisk opera. Telemann vågar her å redusera det melodiske til eit minimum. Han satsar alt på harmonikken, med dristige akkordar som blir «hengande» uforløyste i lufta.
Og så er det favoritten min, sopranarien «Lacht immerhin, ihr Atheisten» – «Le berre, de ateistar», som med hikstande tonegjentakingar på ordet «le» kunne vore frå ein komisk opera. Le må også eg – når den diksjonssvake sopranen fleire gonger presterer å syngja «Le berre, de latinistar».
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.
Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater
Festleg framsyning av musikalen Matilda
Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB
Ein endrar ikkje naturen med talemåtar
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Foto: Kari Anette Austvik / NTB
Frå bridgeverda: Svidd utgang
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.