JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Rap, techno og fredsæle tonar

Musikken i No More Heroes 3 er vel verd ei eiga utgjeving.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1957
20210924
1957
20210924

Filmmusikk

Ymse artistar:

No More Heroes 3 Original Soundtrack

Grasshopper Manufacture Inc.

Den satiriske spelserien No More Heroes (NMH), signert japanske Suda51, ein auteur innan spel, er inspirert av Jodorowskys film El Topo og kalla opp etter ein song av The Stranglers. Nyleg blei trearen sleppt, og det er eit usedvanleg surrealistisk og punkete verk. Musikk- og lyddesign er svært viktig i filmatiske medium, og musikken i spelet eignar seg òg til pur lytting.

Hovudansvarleg for musikken er Nobuaki Kaneko, som elles er skodespelar (til dømes i Netflix-serien Alice in Borderland) og metaltrommis. Mange av komposisjonane hans er intense utforskingar av grensene mellom rock, metal og elektronisk dansemusikk, men han rammar òg inn lydsporet med den fredsæle ambientlåten «ILY» og «Night In Prague», ein sår indierockballade.

Jun Fukudas leik med ublyge klisjear kan minne om Yellow Magic Orchestras tidlege elektroniske musikk, medan Sekitova leverer kvalitetstechno med samplingar av store kattedyr. Vi møter japanske hiphopartistar som Whale Talx og annie the clumsy, og ein av mine favorittar er Meebee og Okumuras spretne, basstunge raphyllest til sushi, «Itadakimasu».

Marknadsføring blir stadig meir utflytande. Kanye Wests musikk druknar i omfattande marknadsførings- og myteskapingssirkus; kjendisar og romfarande milliardærar blir hylla som heltar; tilpassa reklame er daglegdags; Lil Nas X spelar «konsertar» i Roblox, eit spel laga for å mjølke barn for småpengar.

Marknadsføringa av NMH 3-lydsporet er mindre luguber, men likevel underleg: 20 utvalde låtar er tilgjengelege på YouTube til og med torsdag japansk tid. Eg tilrår å høyre lydsporet medan ein kan, og sannsynlegvis kjem det i eit meir permanent format snart – fristen har alt blitt utvida éin gong.

Rasmus Hungnes 

Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Førre veke vart 16 migrantar som den italienske kystvakta hadde plukka opp i Middelhavet på veg mot Italia, skipa til mottakssenter i Albania for asylhandsaming. Kort tid etterpå vart dei sende tilbake til Italia.

Foto: Florion Goga / Reuters

Samfunn

Eit tidsskilje i EUs asyl- og migrasjonspolitikk

Asylhandsaminga kan verte flytta til land utanfor EU, og dei som får avslag på asyl i EU, kan verte sende til retursenter i tredjeland. Det er resultatet om tiltaka EU no vurderer, vert ein realitet.

Eva Aalberg Undheim

I dokumentarfilmen seier Bruce Springsteen at han vil halde fram med å spele tre timars konsertar.

Foto: Disney +

MusikkMeldingar

Bak scenen

Ein ny tv-dokumentar slepper sjåaren inn i Bruce Springsteens øvingslokale.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis