Pirrande skalaar
Sara Aimée Smiseth syner oss breidda i Agathe Backer Grøndahls klaververk.
Den norske pianisten og komponisten Agathe Backer Grøndahl (1847–1907).
Foto: Nasjonalbiblioteket
CD
Agathe Backer Grøndahl:
Piano Works
Sara Aimée Smiseth, klaver. Grand Piano 2022
Agathe Backer Grøndahl, som blei fødd i Holmestrand i 1847, var vår fyrste kvinnelege komponist av rang. Den 70 nummer lange opuslista femnar om 250 songar og 150 klaverstykke. Som pianist hausta ho stor åtgaum, mellom anna som solist i «A-mollkonserten», med Edvard Grieg som dirigent. Sjølv om ho blei sett på som ein teknisk suveren utøvar, var det likevel den naturlege og ukunstla musiseringa som greip pressa og publikummet mest.
Med dei 15 stykka som Sara Aimée Smiseth spelar på sitt fyrste soloalbum, ynskjer ho å syna breidda i Agathe Backer Grøndahls klaverproduksjon. Både programmeringa og tolkinga overtyder. Me høyrer ein komponist med røter i den kjenslesterke tyske romantikken og som tidvis syg kraft or rytmane og tonaliteten til den norske folkemusikken.
Attersyn
Men Backer Grøndahl ser òg attende i musikkhistoria, til barokkmusikkens polyfone koryfear. Albumet opnar med eit slikt attersyn, med «Prélude» frå Suite, op. 12. (1887), som er tydeleg J.S. Bach-inspirert. Dei tunge, brotne mollakkordane står som søyler i satsen, bundne saman med snøgge tonelekkjer som Smiseth fraserer med utsøkt agogikk. Klangarkitekturen fører tankane mot klassiske søyler prydde med frodige girlandrar.
Mange av stykka på plata har folketonepreg. Backer Grøndahl nytta mest tonar som andre hadde skrive ned, men skal òg ha gått ad fontes: «Når hun var på landet, traff hun alltid spillemenn», heiter det i eit minneskrift. Frå Norske folkeviser og folkedanse, op. 30 (1891), spelar Smiseth mellom anna nr. 9, «Siklebækken», og nr. 10, «Kivlemøyerne», begge med tone etter Myllarguten.
Lydisk
«Siklebækken» har rytmisk driv, med fin pianistisk imitasjon av dei dissonerande samklangane frå ornamenta i hardingfelemusikken.
I det neste stykket er det særleg tonaliteten som gjer musikken norsk. Folkemusikken vår kjenner langt meir pirrande skalaar enn dur og moll, og i «Kivlemøyerne» er det den lydiske skalaen me høyrer. Lydisk har eit heva, dissonerande fjerde skalatrinn som trekkjer melodien oppover, ikkje nedover, som i den klassiske musikkens dur, noko som gjev tonen ein eigen vilje og styrke.
Grieg må ha sett pris både på mennesket og musikaren Agathe Backer Grøndahl. Då ho døydde 59 år gamal i 1907 – på dagen tre månadar før han òg skulle gå bort – noterte han i dagboka: «Så sluttede da dette Skjønne Liv. Skjønt i sin noble Pessimisme, og i al sin Lidelse. Ingen Kunstnersjæl har vandret renere Veje. Der er få af det unge Norges Tonekunstnere om hvem det kan siges. Kunde en Mimose [ein blome] synge, vilde der vælde Klang frem fra den som fra Agathe Backer Grøndahls skjønneste, intimeste toner.»
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.