JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Multikulturell techno

Acid Arabs tredje album er ein fryd for øyret og dansefoten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1835
20230217
1835
20230217

Elektronisk musikk

Acid Arab:

Trois

Crammed Discs

Det fransk-algeriske musikkollektivet Acid Arab blandar austleg musikk med elektroniske dansemusikksjangrar som acid house og techno, og på sitt tredje album (tittelen er det austarabiske teiknet for talet tre, etterfølgt av det franske ordet trois) har dei med seg ei mengd vokalistar frå Nord-Afrika, Syria og Tyrkia.

«Algerian gasba, Anatolian trance, synthetic dabkeh, bionic ral...» Som albumnotata antydar, er Acid Arabs musikk fasettert. På «Habaytak» står ei blanding av transeinduserande elektroniske og akustiske lydar, rungande synthbass og den fransk-marokkanske songaren Ghizlane Melih i høgsetet, medan acid house-inspirasjonen er klar som dagen på «Rashid Trip», ein låt som sanneleg får hjartet til å pumpe. Ein 80-talselektropopliknande synthmelodi vert blanda med stemma til syriske Wael Alkak på tredjesporet «Ya Mahla», medan avslutningssporet «Sayarat 303 Part II» har ein munnharpeliknande synthsjamanistisk naturtoneklang.

«Leila» er ein djup og dundrande dabkhetechnolåt med flytande puls, og musikkvideoen, full av heimebrent og magedans, endar med ein tankevekkjande og augeopnande tvist kring identitet og kulturelle kryssingspunkt.

Eg undra meg over at toppresultatet når eg sette inn det austarabiske teiknet for tre i søkjefeltet, var Britney Spears-songen «3». Kan hende seier det mest om mine søkje- og surfevanar, men før eg visste ordet av det, lærte eg kvifor tala vi bruker her omkring, vert kalla «arabiske tal». Dette var eit lite sidespor, men det er saktens sporbart at teiknet 3 stammar frå teiknet ein kan sjå på omslaget til albumet, som er spekka med særskilde, supre spor.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis