Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
CD
Carl Friedrich Abel:
Between Two Worlds
La Spagna baroque orchestra; viola da gamba, cello og leiing: Alejandro Marías. Brilliant 2024
Carl Friedrich Abel står i ei underleg musikkhistorisk særstilling, for instrumentet han trakterte, peikar bakover i utviklinga, medan musikken han komponerte, peikar framover. Han var den siste store virtuosen på viola da gamba, eit strykeinstrument som til liks med celloen blir halde mellom knea, men er annleis stemt og har fleire strenger. Gamben er eit typisk 1600-talsinstrument og var i tida då Abel gjorde karriere, eit anakronistisk særsyn i konsertsalen.
Som komponist, derimot, tok Abel i bruk dei nyaste musikkformene og -sjangrane i samtida. Han bidrog i utviklinga av den klassiske symfonien og var mellom dei fyrste som skreiv for strykekvartett. Den pur unge W.A. Mozart, som vitja Abel i London, nytta hans symfoniar som mønster for sine eigne.
Bach-samarbeid
På bakgrunn av dette er det me skal skjøna Between Two Worlds (les: mellom barokken og klassisismen), som er tittelen på albumet der La Spagna baroque orchestra spelar seks Abel-verk under leiing av den gambespelande spanjolen Alejandro Marías. Han har også skrive omslagsessayet til plata, som gjev eit fint riss av Abels skifterike liv.
Han kom til verda i Köthen i 1723 som son av gambevirtuosen Christian Ferdinand Abel. Denne var musikar i hoffkapellet i Köthen, der J.S. Bach var kapellmeister. Etter tilråding frå Bach fekk den unge Abel seg stilling ved hoffet i Dresden, men flytte som fylgje av sjuårskrigen til London i 1759. Saman med Bach-sonen Johann Christian Bach starta han der konsertserien «Bach–Abel Concerts» i bydelen Soho – dei fyrste abonnementskonsertane i engelsk historie. I London døydde han i 1787, utarma og alkoholisert.
Framoverlent
Fleire av stykka på plata hadde truleg premiere i samband med desse abonnementskonsertane. Symfoni i C-dur, op. 10 nr. 4, er det mest moderne for si tid. Den fyrige fyrstesatsen «Presto» opnar med eit orkestralt motto i form av kraftige tutti-akkordar, som blir vidareførte med elegante melodiar i strykarane, drivne framover av ei trommeaktig bassline. La Spagna baroque orchestra musiserer her lett og framoverlent, nett slik denne musikken bør spelast.
Den einaste arien på plata, «Frena le belle lagrime», er underleg, for det tek uvanleg lang tid før sopransolisten Jone Martínez kjem inn, akkompagnert av sologamben. Samspelet mellom gambe og sopran er vakkert, sjølv om den gutesopranaktige klangen til Martínez er litt for skrinn i høve til lyden av orkesteret.
Av solokonsertane bør Konsert for viola da gamba og orkester i A-dur nemnast, eitt av fleire verk som her er spelte inn for fyrste gong. Marías presterer bra som gambesolist, men eg tykkjer orkesteret syner vel lite initiativ i for- og mellomspela, noko som svekkjer kontrastane.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.