Med mellomalderen til Landskappleiken
Helena Wright, opphavleg frå Finland, kom til Landskappleiken med eit mellomalderinstrument – strykelyra.
Helena Wright under tevlinga i open klasse på Landskappleiken med den sjølvbygde strykelyra.
Foto: Folkorg
Open klasse er staden for dei spennande eksperimenta på Landskappleiken. Deltakarane i klassa kan spela på kva dei vil, berre musikken på ein eller annan måte står i tradisjonen til norsk folkemusikk. Difor dukkar det opp utradisjonelle instrument i denne klassa, som til dømes elgitar eller kontrabass, ofte saman med vokal og/eller hardingfele.
Kan hende mest oppsikt i open klasse i år vekte Helena Wright med eit instrument ho kallar strykelyre. Inntil for nokre år sidan hadde knapt nokon nolevande sett ei strykelyre i Noreg, men Helena Wright trur at instrumentet var utbreidd i mellomalderen.
I Finland og Estland
Fram til 1930-åra kunne ein finna strykelyrer i Finland og i Estland, men så forsvann instrumentet også der. Går ein til Nidarosdomen, kan ein finna ei avbilding av ein person som spelar på ei strykelyre medan han syng.
– I mellomalderen spelte ein på noko som i kjeldene blir kalla for gige. Eg trur at det var eit instrument som må ha likna på den strykelyra som eg har konstruert, seier ho til Dag og Tid.
– Denne lyra liknar ein god del på Kraviklyra som er funnen i Numedal. Den viktige skilnaden er at strykelyra ikkje blir spelt med fingrane, men med ein boge, slik ein ser det på biletet i Nidarosdomen. Også i stavkyrkja i Røldal kan ein finna ei avbilding av eit instrument som liknar på dette, fortel Wright.
Helena Wright med den sjølvbygde strykelyra.
Foto: Halvor Tjønn
Ni tonar
Strykelyra har berre ni tonar.
– Det er interessant at den eldste norske folkemelodien som er nedteikna, den såkalla underjordiske klippekonserten frå 1695, passar fint til å bli spelt på ei strykelyre. Det er nok ikkje tilfeldig.
Wright, som no bur i Aurdal i Valdres, har bygd to strykelyrer.
– Ein får meir røynsle etter kvart som ein arbeider. Eg er så heldig at eg er gift med ein hardingfelebyggjar, Knut Opheimsbakken, så me utviklar dette instrumentet i fellesskap. Det er håpet mitt at strykelyra skal bli eit populært instrument. Ikkje minst viktig er det at det er fint å synga til, akkurat som ein kan sjå på biletet i Nidarosdomen.
Halvor Tjønn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement