Magnifikt
J.S. Bachs juledagsmusikk jubilerer.
Musiserande englar frå «Den tronande madonna med barnet» av Giovanni Bellini (ca. 1443–1516) i Accademia i Venezia.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Standardinnspelinga
Kuhnau, Zelenka, J.S. Bach:
Magnificat
Bach Collegium Japan; dir.: Masaaki Suzuki. BIS 1999
Standardinnspelinga
J.S. Bach, Caldara, Kuhnau:
Magnificat
Das Kleine Konzert; Rheinische Kantorei, dir.: Hermann Max. EMI 1992
Freistar det med litt festleg musikk fyrste juledag? Då tilrår eg å leggja Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Magnificat, BWV 243, i spelaren. Denne dagen, 25. desember, er det nemleg 300 år sidan dette verket blei urframført i Thomaskyrkja i Leipzig. Jula 1723 var den fyrste for Bach som ny thomaskantor, og trongen hans til å markera seg i embetet avla ei rekkje storfelte kyrkjemusikkverk dette året.
Denne latinske tonesetjinga av Marias lovsong frå Lukasevangeliet er vel det mest praktfulle, med fem songsolistar, femstemmig kor, tre trompetar og paukar, i tillegg til fløyter, oboar, fagott – og dei obligatoriske strykarane.
Potent
Ikkje ulikt Juleoratoriet, som hadde urpremiere fyrste juledag ti år seinare, byrjar magnificatet med eit skikkeleg smell. Opningsorda «Mi sjel høglovar Herren» er tonesette i roleg, dansande tretakt, som på typisk Bach-vis blir utbrodert med ein vrimmel av lynsnare sekstendelsnotar.
Få Bach-verk har så store kontrastar på kort tid. Rå kraft dominerer i sats 7, «Fecit potentiam» (Han gjorde storverk med sin sterke arm), medan sats 10, «Suscepit Israel» (Han tok seg av Israel, sin tenar), er varleiken sjølv. Mest elegant er vel nummer 9, altarien «Esurientes» (Han metta dei svoltne med gode gåver), der to fløyter rører seg hugnadsfullt i parallelle melodirørsler.
To versjonar
Samanliknar ein dei to standardinnspelingane, sansar den merksame lyttaren kan hende at fløytene i den sistnemnde satsen («Esurientes») kling ulikt. Det finst nemleg to versjonar av Bachs magnificat.
Bach Collegium Japan, dirigert av Masaaki Suzuki, spelte i 1999 inn det som i dag er den oftast framførte versjonen (BWV 243b). Den går i D-dur og føreskriv bruk av tverrfløyter. Men dette ei omarbeiding frå 1730-talet. Verket i opphaveleg form (BWV 243a), den frå 1723 som har jubileum, går derimot i Ess-dur og føreskriv blokkfløyter. Det er denne Das Kleine Konzert under leiing av Hermann Max gav ut i 1992.
Kva for ein versjon så finast? Eg er blokkfløytist og difor inhabil. Men eg held uansett ein knapp på den «originale» i Ess-dur – sjølv om innspelinga med Bach Collegium Japan (D-dur-versjonen) er den teknisk beste, særleg når det gjeld solistane.
Begge platene er likevel verde å lytta til, ikkje minst av di dei også inneheld magnificat-tonesetjingar av andre tyske barokkomponistar. Skal eg tilrå eitt av desse verka, må det vera magnificatet i C-dur av Johann Kuhnau (1660–1722), som var thomaskantor før Bach overtok dette embetet for 300 år sidan.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.