Lys og mørker
Anders Eidsten Dahl spelar ny, norsk orgelmusikk.
Anders Eidsten Dahl er organist i Bragernes kyrkje i Drammen.
Foto: Dan Tore Stensland
CD
Herman Vogt:
Light Shall Shine
Anders Eidsten Dahl, orgel. LAWO 2023
Dei tre verka på Light Shall Shine er skrivne av komponisten Herman Vogt (fødd 1976) til organisten i Bragernes kyrkje i Drammen, Anders Eidsten Dahl. Som Vogt skriv i omslagsheftet, kan det vera vanskeleg å komponera orgelmusikk etter Olivier Messiaen, 1900-talets store orgelkomponist som fornya orgelrepertoaret. Men Vogt vågar – sjølv om han tykkjer dei store klangkapasitetane til dette instrumentet kan verka overveldande (les: avskrekkande).
Tilnærminga hans er å sjå på orgelet som eit blåseinstrument. Sjølv om ein trakterer det via klaviatur og pedalar, blir det jo drive av luft leidd gjennom piper. Likevel kan det produsera vedvarande tonar som i prinsippet kan haldast evig. Slik sett skil det seg frå blåseinstrument, der utøvaren må trekkja pusten, og strykeinstrument, der stroket endar der bogen sluttar.
Verdas lys
Det horisontale, med lange tonar, pregar opningsverket på plata, Light Shall Shine Out of Darkness (2020). Verket tek utgangspunkt i ulike bibelstader. Verknamnet er frå Paulus’ andre brev til korintarane, der lysmetaforen skildrar både Kristus som verdas lys og skapinga i Fyrste Mosebok, med Guds utrop «Det skal bli lys!».
Fyrste delen er innovervend og varsam, medan orgelets majestetiske side trer fram i andre delen, «I Am the Light of the World». Her er akkordane tettare, meir rytmiske og dissonerande, med store spenn i klangstyrken. Den musikalske teksturen i tredje del, der namnet «See the Saviour’s Outstreched Hands» refererer til Bachs «Matteuspasjon», er prega av linne, songlege melodiar med enkelt akkompagnement.
Musikalsk likar eg verket, sjølv om det trengst ein del informasjon (tekst) for å skjøna intensjonane til komponisten. Men eg stussar over at nordmannen nyttar engelske titlar. Kvifor ikkje sitera bibelen på norsk? Den poetiske 1700-talstysken i Bachs pasjon lèt òg platt på engelsk.
Stått opp att
Mest fransk à la Messiaen kling Ré-sur-Ré...exit (2016). Verktittelen spelar på det latinske resurrexit, «han er stått opp». Ordet er oppdelt og omsett til fransk, der ré tyder tonen og akkorden D, samstundes som det referer til prefikset ré-, som tyder «att» eller «igjen». I musikken representerer den stadig attendevendande D-durakkorden dette tosidige.
Anders Eidsten Dahls orgelspel er ypparleg i alle dei tre verka. Orgelets evne til vedvarande tonar er ikkje berre ein styrke, men òg ein risiko for organisten. Sjølv om denne ikkje må trekkja pusten, som tilfellet ville vore om han bles i pipene sjølv, er det viktig å forma frasane organisk gjennom artikulasjon – med små pausar eller «pustehol» i den tette klangyta. Fyrst då kling det naturleg. Dette greier Eidsten Dahl godt.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.