LCD Soundsystem deler dansbar livsvisdom.
Rock
LCD Soundsystem:
American Dream
DFA/Columbia
LCD Soundsystem debuterte i 2002 med singelen «Losing My Edge», ein song unnfanga av skrekkslagen sjølvinnsikt. I videoen til dette smerteleg sjølvironiske førsteverket om å lene seg på den gode smaken sin framfor å lage noko sjølv, ser vi eit nærbilete av frontfigur John Murphy, som proklamerer creden sin medan han får øyrefik etter øyrefik. I 2011, etter eit lite tiår i rampeljoset, braut LCD Soundsystem opp, men no er det amerikanske bandet tilbake, meir aktuelt og heilstøypt enn nokon gong.
Aukande intensitet
I videoen til «Tonite» får vi sjå ein Murphy med meir livserfaring – og som har blitt ein imponerande vokalist – som ein slags ambivalent farsfigur som i assosiativ stil deler livsvisdom med overføringsverdi til det meste frå pop og privatliv til storpolitikk og overvaking, medan han sirklar rundt bandet sitt. Musikken, både på dette sporet og plata elles, er minimalistisk, men likevel massiv, drive fram av konsise, enkle, repeterande bassliner, ofte monoton og/eller atonal rytmegitar og transeinduserande tromme-, perkusjons- og trommemaskinarrangement. Intensiteten aukar nærast umerkeleg i kvart einaste spor.
80-talsinspirasjon
LCD Soundsystems blanding av klubbmusikk og postpunk blir ofte kategorisert som dancepunk. På American Dream er 80-talsinspirasjonen openberr, med flust av referansar til mellom anna David Bowie og Talking Heads, i tillegg til det 50–60-talsaktige syntetiserte doo-wop-tittelsporet. Det heile er utført med stor finesse – og dertil er det dansbart.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Rock
LCD Soundsystem:
American Dream
DFA/Columbia
LCD Soundsystem debuterte i 2002 med singelen «Losing My Edge», ein song unnfanga av skrekkslagen sjølvinnsikt. I videoen til dette smerteleg sjølvironiske førsteverket om å lene seg på den gode smaken sin framfor å lage noko sjølv, ser vi eit nærbilete av frontfigur John Murphy, som proklamerer creden sin medan han får øyrefik etter øyrefik. I 2011, etter eit lite tiår i rampeljoset, braut LCD Soundsystem opp, men no er det amerikanske bandet tilbake, meir aktuelt og heilstøypt enn nokon gong.
Aukande intensitet
I videoen til «Tonite» får vi sjå ein Murphy med meir livserfaring – og som har blitt ein imponerande vokalist – som ein slags ambivalent farsfigur som i assosiativ stil deler livsvisdom med overføringsverdi til det meste frå pop og privatliv til storpolitikk og overvaking, medan han sirklar rundt bandet sitt. Musikken, både på dette sporet og plata elles, er minimalistisk, men likevel massiv, drive fram av konsise, enkle, repeterande bassliner, ofte monoton og/eller atonal rytmegitar og transeinduserande tromme-, perkusjons- og trommemaskinarrangement. Intensiteten aukar nærast umerkeleg i kvart einaste spor.
80-talsinspirasjon
LCD Soundsystems blanding av klubbmusikk og postpunk blir ofte kategorisert som dancepunk. På American Dream er 80-talsinspirasjonen openberr, med flust av referansar til mellom anna David Bowie og Talking Heads, i tillegg til det 50–60-talsaktige syntetiserte doo-wop-tittelsporet. Det heile er utført med stor finesse – og dertil er det dansbart.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast platemeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?