Kulturberar utan statleg støtte
Landskappleiken handlar om dugnad og stor innsats frå små lokalsamfunn. Finansminister Vedum vil sjå om det er mogleg med bidrag frå staten.
Trygve Slagsvold Vedum blei motteken av partifelle og ordførar Bjarne Eiolf Holø då han kom til Lom og Landskappleiken sist fredag.
Foto: Halvor Tjønn
Fredag førre veke vitja finansminister Trygve Slagsvold Vedum Landskappleiken i Lom. Han kom til sine eigne, og endå meir populær var bodskapen han hadde med seg:
– Sjølvsagt kan eg ikkje lova pengar til Landskappleiken her over bordet. Men å støtta dette verdifulle tiltaket er noko me må tenkja på, sa han under vitjinga.
Største mønstringa
Landskappleiken er den største mønstringa av norsk folkemusikk og folkedans. Kvart år ved midtsommarsleite kjem rundt rekna 1000 deltakarar og noko slikt som 5000 publikummarar saman på ein stad i Sør-Noreg der det beste i tradisjonsmusikken blir vist fram.
Faktisk er Landskappleiken Noregs eldste festival: Den fyrste blei arrangert av Vestmannalaget i Bergen i 1896. Sidan har festivalen ambulert frå stad til stad. I fjor var han på Rjukan, og neste år blir det på Gol i Hallingdal. Problemet er at arrangementet er blitt for stort for dei ofte små folkemusikklaga. Statleg støtte er fråverande, og den økonomiske risikoen er tilsvarande stor. Difor er det sjeldan nokon lang kø av lokallag som vil ha arrangementet.
Trygve Slagsvold Vedum blei orientert om dette då han kom til Landskappleiken i Lom. Til vanleg er det heller sjeldan at statsrådar kjem til Landskappleiken, og ikkje minst difor blei han godt motteken. Då han gjekk omkring på festivalområdet, var det få spor etter dei heller låge galluptala til Senterpartiet den siste tida.
Val eller musikk?
På spørsmål frå Dag og Tid om han kom til Lom fordi det er valkamp, eller fordi han er interessert i norsk folkemusikk, parerte Vedum at det ikkje er noka motseiing mellom dei to.
– Far min var gjennom folkehøgskulerørsla veldig glad i norsk tradisjonsmusikk. Sjølv har eg alltid hatt ynske om å koma på ein landskappleik, men det har ikkje ordna seg slik. Så eg er glad for dette høvet. Det er ikkje minst imponerande å sjå korleis profesjonelle og amatørar går saman om å skapa denne festivalen. Og i botnen ligg dugnadsinnsatsen, kanskje noko av det beste i den norske kulturen.
Han la til at dei i Senterpartiet ikkje har noko problem med å sjå kor verdfulle slike kulturytringar er for distrikta i Noreg.
– Det skapar identitet, det motiverer folk til å flytta til distrikta og ikkje minst til å bli verande der. Dessutan er det eit viktig aspekt til: Kulturytringane som blir viste fram på Landskappleiken, er noko av det mest opphavelege me har. Om ikkje me tek vare på det, er det ingen andre som gjer det. Difor har me eit heilt spesielt ansvar.
– Alle forstår at eg ikkje reiser kring i landet med ein koffert med pengar. Men det er sikkert at det offentlege bør sjå alvorleg på korleis dette vert finansiert. At Landskappleiken og den kulturen som blir synt fram her, får gode vekstvilkår, er noko som er viktig for heile det norske samfunnet, sa Trygve Slagsvold Vedum.
Halvor Tjønn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.