JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Kreativt frå Portugal

Hugo Carvalhais lagar ein spesiell miks av elektronikk og akustiske instrument.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2063
20220513
2063
20220513

Jazz

Hugo Carvalhais:

Ascetica

Emilie Parisien, sopransaks; Ludas Mockunas, tenorsaks og klarinett; Fábio Almeida, altsaks og fløyte; Gabriel Pinto, piano, orgel og synth; Hugo Carvalhais, bass og elektronikk; Mário Costa, trommer.
Clean Feed

Den portugisiske bassisten, komponisten og orkesterleiaren Hugo Carvalhais har sidan 2010 gjeve ut fire plater på Clean Feed.

Alt med debuten Nebulosa vekte Carvalhais oppsikt, og i dag er han rekna som ein av dei mest markante på den portugisiske jazzscenen.Trommeslagaren Mário Costa og pianisten Gabriel Pinto har Carvalhais hatt eit triosamarbeid med i over ti år, og med den franske saksofonisten Emilie Parisien har han hatt ei mest like lang fartstid.

Logisk og levande

Musikken til Carvalhais hentar impulsar frå mange retningar innan den moderne jazzen. Han føyer saman element som i hendene på mindre samspelte musikarar ville blitt uorganiske fragment, men sekstetten gjer musikken både logisk og levande. Også Carvalhais har oppdaga moglegheitene som ligg i arsenalet av analoge tangentinstrument.

På opningssporet «Organum» er han tydeleg inspirert av tidleg Weather Report/ Miroslav Vitous, men også på fleire andre komposisjonar kombinerer han eit rastlaust komp med lyriske, lange linjer hjå blåsarane og ei diffus fargelegging frå Pintos side.

«Neural Flandres» og «Ora­-
torium» er meir gjennomarbeidde komposisjonar, medan andre låtar er springbrett til lengre improvisatoriske sekvensar, og godt er det når ein har solistar som Parisien og Mockunas med på laget.

Kunstnarportrett

Ynskjer ein å bli kjend med det musikalske universet til Hugo Carvalhais, kan Ascetica vera ein fin stad å byrja. Så kan ein eventuelt arbeida seg bakover.

I sum teiknar dei fire platene på Clean Feed eit mangslunge kunstnarleg portrett av ein skapande og utøvande musikar som ein diverre høyrer for sjeldan på våre breiddegrader.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis