Musikk
Konkyliesong
Med Artifacts byr Zach Condon på ein musikalsk biografi i kortformat.
Zach Condon er frontperson i bandet Beirut.
Foto: Lina Gaisser
Første gong du lyttar til «So Slowly», eit spor på Beiruts dagferske dobbelplate Artifacts, kan det vere at du vert slegen av det som liknar på lyden av messing, men likevel ikkje heilt høyrest ut som det, i dei tidlege vokalpartia. Og ganske rett, det dreier seg om ein noko ukonvensjonell instrumentbruk, for det frontfiguren Zach Condon spelar på, er eit horn han sjølv har laga av ein konkylie foreldra hans hadde liggjande.
Som om ikkje det var nok, byr «So Slowly» på meir lydleg leik, og kombinerer preparert piano med elektrisk piano av merket Wurlitzer. I fleire år var Condon oppslukt av det sistnemnde instrumentet og fekk ikkje nok av det. Ein tendens til å verte fullstendig oppslukt av nye ting å spele på er eit kjenneteikn ved artisten.
Nattevaking
Alt dette får du vite når du lyttar til Artifacts, som byr på ein fascinerande inngang til historia til Condon og Beirut og har vorte så mykje meir enn den samlinga av raritetar og sjeldne spor som opphavleg var tanken. Ikkje minst kjem dette av den engasjerande teksten som følgjer utgivinga, forfatta av Condon sjølv, som rett og slett framstår som ein musikalsk biografi i kortformat som ingen med interesse for bandet kan la vere å fordjupe seg i.
Condons liv har ikkje mangla på utfordringar, med insomnia frå elleveårsalderen og mange netter i selskap med seg sjølv. Han kjem frå ein familie av musikarar og musikkinteresserte og lærte seg tidleg å spele på fleire instrument, i nattetimar som vart brukte til å lage musikk. Å lytte seg gjennom Artifacts er å følgje han frå den eine intense oppdaginga av eit instrument til det andre, anten det gjeld trompeten, trekkspelet han arva etter bestemora, eller Farfisa-orgelet han skaffa seg då han var seksten.
Droppa skulen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.