JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Intimt og smakfullt

Duoen utvidar tradisjonen og tilfører nye perspektiv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den norske bassisten Jo Skaansar og jazzsongaren Melanie Scholtz frå Cape Town tilfører låtane noko nytt, meiner Lars Mossefinn.

Foto: Tatjana Dachsel

1920
20220318
1920
20220318

Jazz

Melanie Scholtz / Jo Skaansar:

Kindred

Melanie Scholtz, vokal; Jo Skaansar, bass og vokal.
Grappa

Det kan vera tilfeldig, men det har dukka opp påfallande mange plater som tek utgangspunkt i ulike songtradisjonar. Sørafrikanske Melanie Scholtz og lillehamringen Jo Skaanskars utgjeving Kindred er ikkje noko unnatak, men duoen blandar utvalet med både Astor Piazzollas «J’oublie» og Winston Mankunku Ngozis «Yakhal’inkomo» frå den legendariske innspelinga med same namn frå 1968. Teksten er skriven av Sihle Khumalo.

Bass og vokal er ein ganske vanleg duokonstellasjon, men Scholtz og Skaansar har ikkje teke på seg for store sko. Dei har tilført kvar einaste låt noko nytt og interessant. Skaansar, som stort sett trakterer kontrabassen, legg inn eit elbasskor på nemnde «Yakhal’inkomo» og skapar assosiasjonar til sørafrikansk jazz og populærmusikk. Han syng duett innleiingsvis på denne låten. Det markerte taktskiftet, som er eit sentralt element i Ngozis komposisjon, er med før Scholtz og Skaansar vender attende til temaet, denne gongen med sistnemnde på elbass.

Heller ikkje Abbey Lincolns «Throw It Away» er ein mykje brukt klassikar, men denne låten, som sameiner groove, gospel og klassisk jazzballade, er utruleg sterk, og heldigvis legg duoen seg på ei tolking nær opp til slik ein kjenner han frå Lincolns side. Skaanskar vartar opp med ein nydeleg intro ditto kor, og kompet er hadensk enkelt.

Scholtz, som tvillaust har høyrt på dei store stilskaparane, er treffsikker både rytmisk og intonasjonsmessig. Ho melder seg på i vocalesetradisjonen med teksten sin til «I’m Old Fashioned», og ho scattar innimellom, utan at dette er eit dominerande element.

Dei jazzfestivalane som enno ikkje har heile programmet klart, bør kjenna si vitjingstid.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis