JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Interaktivt amatørmusikkteater

Ein «rollespelmusikal» det sikkert var kjekt å lage, men ikkje å høyre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stray Gods: The Roleplaying Musical – Pantheon Edition

1960
20230825
1960
20230825

Musikal

Austin Wintory, Montaigne, Tripod:

Stray Gods: The Roleplaying Musical

T-65b Records

I april tok eg ein titt på Myth and Music, eit livestreama promoevenement for dataspelmusikalen Stray Gods: The Roleplaying Musical. Det som gjekk føre seg på den vesle scenen i Austin i Texas, framstod som ei dårleg innøvd amatøroppsetjing med lite engasjert orkester, uførebudd visevert og elendig lyd. Så eg tenkte ikkje meir på det der – heilt til spelet med eitt kom ut. Kritikarar og spelarar ser ut til å like Stray Gods godt, så eg gir det ein ny sjanse, tenkte eg.

Det er tale om ein interaktiv musikal i visuelt romanformat, ein semianimert musikkteatralsk teikneserie lesen på skjerm og bladd i med spelkontroll. Sangnummera finst samla på album – Green Edition, Blue Edition, Red Edition og Pantheon Edition. I spelet lyt ein nemleg stundom velje kva for attityde ein skal syngje med: grønt er «sjarmerande», blått «smart», raudt «kickass».

Historia krinsar rundt gamle greske gudar inkarnerte i «idol»-form på Jordi, og det er greitt nok at soga er ein naivistisk kopi av den brutale teikneserien om gudekamp og kjendiseri, «The Wicked and the Divine». Den dynamiske komposisjonen fungerer òg greitt: I spelet går musikken i sløyfe. Medan spelaren funderer på kva han skal seie eller syngje, integrerer dei alternativ libretto og arrangement på saumlaust vis. Ein lyt rett nok velje grunninnstilling til livet tidleg i spelet, så der ligg det nok ei teknisk avgrensing i bakgrunnen.

Verre er det med musikken. Produksjonen er platt, prega av kjipe synthsaksofonar og slappe elektroniske trommer; klisjéfylt vokal bommar på den eine og andre lange tonen; diverre er ingen av nummera minneverdige; heldigvis grev ingen av dei seg inn i hjernebarken. Hell i uhell.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, trommeslagar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis