Musikk

Herrnhutarjul

For herrnhutarane var det ikkje berre enkel salmesong som galt.

Jesu fødsel, avbilda i ei engelsk messebok frå 1300-talet.
Jesu fødsel, avbilda i ei engelsk messebok frå 1300-talet.
Publisert

Herrnhuter Weihnacht er eit underleg og interessant klassisk julealbum. Vocal Concert Dresden og Dresdner Instrumental-Concert kjem her med fine framføringar av repertoar dei aller færraste kjenner til: julemusikken til herrnhutarane frå andre helvta av 1700-talet.

Dette kyrkjesamfunnet, som òg er kjent som brorkyrkjelyden, blei grunnlagt i 1726 av greve Nikolaus Ludwig von Zinzendorf (1700–1760). Han hadde late landflyktige bøhmiske protestantar slå seg ned på eigedomane hans i Sachsen, der dei oppretta kolonien Herrnhut («Herrens varetekt»), med den sjølvlærde teologen von Zinzendorf som biskop.

Herrnhutarane var utprega evangeliske og la stor vekt på Guds nåde i læra si. Dei hadde eit særs lokalt utspring, men på misjonsfronten synte dei seg snart som global aktør. På 1730-talet oppretta dei misjonsstasjonar i dagens USA, i Vestindia, på Grønland, i Ostindia og i Sør-Afrika. Også i Noreg var dei aktive, med såkalla «sosietetar» innanfor den lutherske kyrkja i Kristiania, Bergen og Drammen mot midten av 1700-talet.

Drammensar

Herrnhutarane var frå byrjinga av eit syngjande kyrkjesamfunn. Men ulikt dei fleste pietistiske rørsler var det ikkje berre salmesong med enkelt orgelakkompagnement som galt. Talrike vitnemål om den påkosta kyrkjemusikken deira finst. «Herrnhutarane har musikarar som spelar allslags instrument, og somme av dei passerer som virtuosar. Mange fyrstehoff kan ikkje by på like solid musikk», rapporterte ein gjest frå andre helvta av 1700-talet.

Herrnhutarane hadde òg dugande komponistar. Av dei åtte komponistane på plata finn me jamvel ein nordmann: Christian Ludwig Brau (1746–1777) frå Drammen, som eigentleg skulle på misjon til India, men på grunn av svak helse «stranda» i Sachsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement