Hardingfelespel frå Japan
Satoko Katagihara har sett seg grundig inn i klassisk norsk hardingfelespel.
Satoko Katagihara har lært seg å spele hardingfele.
Foto: Silje Holte / Satokok.com
Folkemusikk
Satoko Katagihara:
Landskap av hardingfele
SK-2001
Ofte tenkjer ein seg at folkemusikk er noko ein tileignar seg i løpet av oppveksten, gjerne i familie og nærmiljø. Og etter kvart som den organiserte folkemusikkrørsla voks fram, har dyrkinga av særskilde musikalske «dialektar» og folkemusikkdistrikt auka. Og slik er det ofte framleis.
Denne plata er eit døme på det motsette. Det er tale om ein utøvar som medvite har valt å setja seg inn ei særprega musikkform frå den andre sida av jorda. Japanske Satoko Katagihara har gjort interessa for hardingfelemusikken til noko meir enn ein tilfeldig fascinasjon for det eksotiske. Ho har studert ved Ole Bull Akademiet på Voss og Universitetet i Søraust-Noreg på Rauland. Læremeistrar har mellom andre vore vestlendingane Leif Rygg og Håkon Høgemo og telemarkingane Anne Hytta, Ottar Kåsa og Per Åsmund Omholt. Fela som vert nytta på plata, har ho fått bygd av Salve Håkedal i Agder.
Det er ei kort plate – berre sju slåttar. Men det er eit kresent utval – for det meste teleslåttar – mellom anna tre ulike «systerslåttar». Og det er ingenting turisttilpassa over utvalet. Det finst ikkje snev av nasjonalromantisk påverka lydarslåttar eller smektande folketonar. Dette er solide springarar og gangarar – ein slags folkemusikkens klassiske meisterverk, og såleis ei fin innføring i det heilt sentrale hardingfelerepertoaret.
Spelet er trygt og kontrollert, utan å verta stivt. Plata er eit fint døme på at det faktisk går an å setja seg inn i ein musikkultur på høgt nivå utan å vera fødd inn i han. Debutplata til Katagihara er såleis eit godt døme på at hardt og systematisk arbeid gjennom mange år kan bera frukter til glede for hardingfeleentusiastar, anten dei kjem frå avgøymde norske fjellbygder eller frå storbyar som Osaka.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.