Gjennom kyrkjeåret
Bachs «vesle orgelbok» er stor.
Christian Müller-orgelet frå 1730-åra i St. Bavo-kyrkja i Harlem.
Foto: Harm ten Napel / Wikipedia
CD
Johann Sebastian Bach:
Orgelbüchlein
Kåre Nordstoga, orgel. Lawo 2021
Orgelbüchlein – diminutiven tyder «den vesle orgelboka» og høver kanskje på det fysiske formatet til notane, men definitivt ikkje på det kunstnarlege innhaldet. På sitt nye dobbeltalbum framfører domorganisten i Oslo Domkyrkje, Kåre Nordstoga, Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Orgelbüchlein på den andre CD-en. Den fyrste CD-en, derimot, inneheld fem preludium (eller fantasiar) og fugar, i tillegg til passacagliaen i c-moll, som er eit av orgellitteraturens viktigaste verk. Instrumentet Nordstoga nyttar, er mellom dei mektigaste som er bevarte frå barokken: Christian Müller-orgelet i den gotiske St. Bavo-kyrkja i nederlandske Haarlem, som stod ferdig i 1738 og har heile 62 register, fordelte på tre manual og pedal.
Monumentalverka
Dei store stykka høyrer me på den fyrste CD-en, og Passacaglia og fuge i c-moll, BWV 582, er med sine 15 minutt det suverent lengste verket. Ein passacaglia er eit variasjonsverk der eit musikalsk tema blir systematisk gjenteke og variert utover i satsen.
Bach har lagt det åtte taktar lange temaet i pedalen, med ei tonerekkje som òg dannar utgangspunkt for fugetemaet. Nordstogas tolking er meir prega av ro og ettertanke enn av monumentalitet, og eg likar varieringa av uttrykket undervegs.
Derimot tykkjer eg yndlingssatsen min på denne CD-en, preludiet i G-dur frå BWV 541, manglar den fanfareaktige snerten andre gode organistar får til. Den musikalske retorikken Bach her briljerer med kompositorisk, blir ikkje heilt overtydande utført.
Koralane
Den andre CD-en inneheld altså den store «vesle orgelboka». Orgelbüchlein har 45 koralforspel (eller 46, alt etter korleis ein reknar), som er korte komposisjonar over ein salmemelodi. Samlinga skulle eigentleg omfatta tre gonger så mange koralforspel, noko me veit av di dei resterande titlane i Bachs manuskript er skrivne øvst på tomme noteark.
Rekkjefylgja svarar til kyrkjeåret, på same måte som salmeboka er ordna i dag. Opningskoralen «Nun komm, der Heiden Heiland», BWV 599, er adventssalmen me kjenner som «Folkefrelsar til oss kom» (nr. 1 i Norsk Salmebok).
Nordstoga formar melodien i toppstemma med innettervend ro og tekstnær frasering. Spesielt godt likar eg måten han organisk faldar ut mellomstemmene i den akkordiske veven som gjev komposisjonen harmonisk fylde og farge. Me merkar her timinga og presisjonen til ein røynd organist.
Ein annan koral mange vil dra kjensel på, er nr. 10: In dulci jubilo, BWV 608, som i Bernt Støylens omsetjing heiter «Eg synger jolekvad». Bach fører salmemelodien i kanon mellom toppstemma og pedalen, med to mellomstemmer som kvitrar i frydefulle triolar. Gjennom orgelets linnaste register får Nordstoga her fram ein himmelsk dåm som er englane på Betlehemsmarkane verdig.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.