Musikk
Gate opp og gate ned
Det manglar ikkje på lydspor for urbane vandrarar.
John Foxx (t.v.), David Sylvian og Stephan Mathieu har skrive musikk for vandrarar.
Pressefoto
Pop/ambient
Ei gate kan leie den flanerande inn i ei svunnen tid, skriv Walter Benjamin i første bandet av Passasjeverket: «For ham er hver gate fordums.» Det var Paris den tyske filosofen og kulturteoretikaren vandra rundt i, i lyset frå gasslyktene, som han meinte kasta eit tvitydig lys på brusteinen.
Ein av dei mange som har funne inspirasjon i essayistikken, samla i den storarta, fragmentariske, ufullendte tekstmassen som utgjer Passasjeverket, som ligg føre i to flotte norske omsetjingar på Vidarforlaget (2017, ved Arild Linneberg, Janne Sund og fleire), er artisten og multikunstnaren John Foxx (eigentleg Dennis Leigh, f. 1948). Denne våren er han aktuell med The Arcades Project.
Assosiativt
Den som går lenge nok i gatene, og helst utan mål, kjem i ein rus, skreiv Benjamin, i eit av utdraga som har vorte sett saman under tittelen «Flanøren» (sitata er frå Linnebergs omsetjing).
Kanskje dreier det seg om at ein gir seg over til ein tilstand der ein lèt seg overvelde av den assosiative krafta som bur i sjølve tilværet, idet ein vandrar rundt i bylivet og er ein del av ei stor menneskeleg rørsle – som ein likevel er utanfor, og ser inn i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.