Musikk
Fugekunst
Phantasm får fram einskildtrådane i Bachs mangslungne musikalske vev.
Phantasm er eit gambeconsort.
Foto: Marco Borggreve
Strykekvartetten som besetnings- og komposisjonsform er eit barn av opplysingstida. Men barokken på 1600-talet hadde òg si form for fikst strykeensemble – ikkje med fiolininstrument (cello, bratsj og fiolin), men med gambar av ymse storleik.
Det me kort kallar gambe (eigentleg viola da gamba, «beinfele» på italiensk), er eit strykeinstrument med seks strenger og tverrband på gripebrettet (som på ein gitar). Dei store gambane held ein, som celloen, mellom beina. Men ulikt bratsjar og fiolinar gjeld dette også dei små gambane, som ein spelar vertikalt, stødde på fanget.
Eit reint gambeensemble kallar me gambeconsort. Slike har ein konsentrert og overtonerik klang, med linnare, meir duld lyd i det høge registeret enn strykekvartettar.
Øyreopnar
Eg kan knapt tenkja meg noko meir musikalsk sofistikert enn ein godt samspelt gambeconsort. Ensemblet Phantasm har kultivert den edle consortklangen sidan det blei stifta i 1994. For meg var debutalbumet med Henry Purcells Fantasias frå 1996 ein «øyreopnar» for gambemusikken. Sidan den tid har eg opplevd dei live fleire gonger, mellom anna under Festspillene i Bergen, og eg har freista å få med meg alle utgjevingane. (Nye album kom i 2020, i 2021, og i år; det siste blir omtala i denne spalta straks meldaren har fått det i hende.)
Den jamt høge kvaliteten på spelet deira gjennom snart 30 år imponerer. Leiaren Laurence Dreyfus har sytt for at ensemblet stadig utvidar repertoaret til også å omfatta musikk som eigentleg er mynta på andre instrument.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.