Elektronikk som med- og motspelar
Muddersten lèt lydkjeldene stå fram på eigne premissar.
Muddersten saman med Håvard Reite Volden, Fredrik Olsson og Martin Taxt.
Foto: Sofa
Samtidsmusikk
Muddersten:
Triple Music
Håvard Reite Volden: elgitar, trommemaskin og bandspelarar; Fredrik Olsson: ting, piezo og platespelar; Martin Taxt: mikrotonal tuba og elektronikk. Sofa
Innanfor den improvisasjonsbaserte samtidsmusikken er det ikkje uvanleg at musikarar forlèt dei konvensjonelle instrumentlydane og i staden fokuserer på elektronisk manipulering av instrumenta og lèt det supplerande lydutstyret overta den klanglege hovudrolla. Slik er det òg med trioen Muddersten. Ein hende gong kan ein kjenna att lyden av gitaren til Håvard Volden og tubaen til Martin Taxt, men det er dei meir udefinerbare lydane som dominerer.
Både CD-omslaget og presseskrivet gjev utførleg greie for korleis trioen har utarbeidd denne musikken. Som eit slags partitur har dei nytta ein video av den japanske visuelle kunstnaren Akiko Nakayama. Eit anna eksternt element som står sentralt, er bruken av ferdiginnspelt musikk via platespelarar og lydbandmaskinar. Men dette skjer på ein langt meir subtil måte enn bruken av samples slik ein kjenner det frå delar av popmusikken.
Musikarane skriv at dei må tilpassa seg og respondera på desse lydane på same måten som når ein spelar med andre improviserande menneske. Lydkjelda vert såleis noko meir enn eit «objekt» som kan brukast, og framstår som ein slags medspelar. Av og til er dei repeterande lydkjeldene svært tydelege, men det er når dei endrar seg og gradvis oppstår/forsvinn, at spenninga oppstår.
Den utførlege skriftlege utgreiinga om korleis musikken er laga, er typisk for så mange slags nyare musikk – og annan kunst, for den del. Men det ein stadig lyt spørja seg, er: Kor viktig er eigentleg all denne teksten for opplevinga av det ferdige resultatet? Truleg er det viktigast for kunstnarane – som ein inspirasjon og/eller arbeidsmåte.
Når ein lyder på Mudderstens tredje plate, vert ein mint på at det er ei hårfin grense mellom elektronikk som tvang og som fridom. Uansett kva ein måtte meina om dette, viser Muddersten atter ein gong kor fruktbart det kan vera å dyrka overgangane mellom akustiske lydkjelder og elektronikkens endelause mangfald.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.