Musikk
Eksplosive ansatsar
Jentene i Bragernes kirkes ungdomskor har rytmisk snert.
Hyrdingane tilber Jesusbarnet. Måleri frå 1632 av nederlandske Matthias Stom (ca. 1600–1652).
Vide fraseringar og varm klang karakteriserer juleplata til Bragernes kirkes ungdomskor, Colours of Christmas, der korjentene framfører 15 julesongar akkompagnert av eit knippe instrumentalistar. Mellom desse er Anders Eidsten Dahl på orgel og klaver. Den rytmiske snerten han saman med trompetisten i stykket «Rejoice» får til på det store orgelet i Bragernes kyrkje i Drammen, der han er kantor, er herleg. Organisten gir stykket driv, for orgelet fungerer nesten som paukane i trompetfanfarar.
Dette skifterike stykket er skrive av Fredrik Sixten (fødd 1962). Han er svensk, men var tidlegare domkantor i Nidarosdomen. Ser me nærare etter, er faktisk over halvparten av repertoaret norsk eller er skrive av komponistar knytte til Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.