JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Ein gong til, folkens

Ein ny dokumentarfilm går bak kulissane den kvelden «We Are the World» vart spelt inn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den 28. januar 1985 samla nokre av dei mest populære musikarane i USA seg i eit studio i Los Angeles for å spele inn «We Are the World».

Foto frå filmen

4357
20240216
4357
20240216

Musikkdokumentar

Regi: Bao Nguyen

The Greatest Night in Pop

Netflix

Han ser bra plaga ut, Bob Dylan, i opptaka frå A&M-platestudioet i Los Angeles i The Greatest Night in Pop. I filmen som inviterer sjåaren inn bak kulissane idet ein haug med superstjerner samlar seg for å spele inn «We Are the World», vert det fortalt at Dylan kjende seg ukomfortabel fordi han ikkje heilt visste korleis han skulle syngje sine verseliner – før Stevie Wonder fekk han til å slappe av.

Slike underhaldande anekdotar er det fleire av i denne filmen, som detaljert skildrar korleis mange av dei mest funklande stjernene på den amerikanske popstjernehimmelen kom saman 28. januar 1985, rett etter at The American Music Awards hadde gått av stabelen (og fleire av dei dermed likevel var i byen). Inntektene frå salet av singelen gjekk til å redde liv i eit akutt svelteramma Etiopia – «We Are the World» selde meir enn 20 millionar eksemplar og skaffa meir enn 60 millionar dollar til saka.

Initiativ frå Belafonte

Bao Nguyens film, som for tida er å sjå på Netflix, mimrar rundt innspelinga, med Lionel Richie i rolla som forteljar. Initiativet til «We Are the World» kom først frå Harry Belafonte, som fann inspirasjon i den direkte forløparen, «Do They Know It’s Christmas», der britiske artistar nokre veker før hadde samla seg på same måte. Kunne ikkje ein amerikansk variant vere ein god idé? Belafonte tok kontakt med Ken Kragen, ein av desse typane med mange roller og stort nettverk i musikkbransjen, og han fekk med Richie. Produsentguruen Quincy Jones kom inn, og Michael Jackson, som skreiv songen saman med Richie.

«Dette er ei feiring av det som i realiteten vel neppe er 'den største kvelden i pophistoria'»

Dette er ikkje den første detaljerte omtalen av timane stjernelaget var i studio, og utover dei konkrete hendingane som førte fram til songen, er det lite kontekstualisering. Richies entusiasme og nostalgi rammar filmen inn og er indikativ. Dette er ei feiring av det som i realiteten vel neppe er «den største kvelden i pophistoria», og kritiske perspektiv rundt denne typen humanitære initiativ, som det jo skulle verte fleire av, finn du ikkje her. Heller ikkje Greil Marcus’ kommentar om at songen minte om ein Pepsi-reklame.

Fleire lesarar vil hugse musikkvideoen godt, og filmens store styrke er utan tvil arkivopptaka frå studioet, som tidvis har stor underhaldningsverdi. Jones hadde hengt eit skilt på inngangsdøra der det stod «Check your ego at the door». Stemninga verkar jovial nok, men det seier jo seg sjølv at ei slik opphoping av ikoniske artistar, alle vande med å vere midtpunkt i rommet, er eit risikoprosjekt. Dette tilfører The Greatest Night in Pop ei heilt eiga spenning, ein slags ladd, litt klein nervøsitet.

Sentimental og enkel

Sjølv om «We Are the World» er både sentimental og enkel, så er det jo noko med songen – han gjorde sterkt inntrykk på den fjorten år gamle utgåva av meg sjølv, og framleis får eg eit kick av måten til dømes Cyndi Lauper leverer sine verseliner på. Då er det artig å sjå på mysteriet som utfaldar seg idet noko skurrar i opptaket av røysta hennar – kan det vere mikrofonen? Ingen forstår kva som er gale, før nokon kjem på at det kanskje er mengda av smykke og øyreringar som har skulda, eit  problem som viser seg å vere kjapt løyst.

«We Are the World» genererer framleis inntekter for organisasjonen USA for Africa. Det er likevel vanskeleg å sjå denne filmen utan å tenkje at dette er eit fenomen som tilhøyrde si tid. I 2010, då jordskjelvkatastrofen ramma Haiti, fann nokon på at dei skulle gå i gang med prosjektet «We Are the World 25 for Haiti». Det må ein vel seie floppa, med kritikarslakt av både rap og autotune og med ei manglande gjennomslagskraft som fekk fleire kommentatorar til å reflektere over dei endringane musikkbransjen har gått gjennom i den digitale tidsalderen.

Og likevel var eg nok ikkje åleine om å få assosiasjonar til nett «We Are the World» under pandemien, då internettkonserten Together at Home gjekk av stabelen i april 2020 – for hadde ikkje denne globale hendinga på sett og vis sitt opphav i den ettermiddagen i Los Angeles i 1985?

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis