Dryge dobbeltgrep
I hendene til Faust får Brahms’ fiolinkonsert tyngd og truverd.
Den tyske fiolinisten Isabelle Faust med ein Stradivarius-fiolin frå 1702.
Foto: Felix Broede
Standardinnspelinga
Johannes Brahms:
Violin Concerto
Isabelle Faust, fiolin; Mahler Chamber Orchestra; dir.: Daniel Harding. Harmonia Mundi 2011.
Isabelle Faust er eit fiolinistisk fenomen. Under årets Bachfest i Leipzig høyrde eg henne spela barokkmusikk, noko ho gjorde suverent. Men Faust har like godt grep om det romantiske repertoaret, som ho tolkar intelligent og teknisk lytelaust. Alt spelar ho forresten på ein ekte Stradivarius-fiolin: den såkalla «Sovande venleiken», eller «Tornerose-stradivariusen», som tyskarane kallar han.
Denne fiolinen er spesiell av di han framleis har sin originale hals frå 1702. Dei fleste slike barokkfiolinar blei på 1800-talet bygde om, med lengre og meir vinkla hals, noko som gjev større strengetrykk og skarpare, meir berande klang – for å kunna hevda seg betre mot symfoniorkesteret i dei store, romantiske fiolinkonsertane.
Demokratisk
Ungarsk-tyske Joseph Joachim (1831–1907), som var ein av dei viktigaste fiolinistane på 1800-talet, rekna året før han døydde opp «dei fire store» konsertane for sitt instrument: av Beethoven, Mendelssohn, Bruch og Brahms. Den siste av desse er det Faust spelar på albumet sitt frå 2011, med engelskmannen Daniel Harding og Mahler Chamber Orchestra. Musikarkombinasjonen er eineståande, for det er noko ungdommeleg friskt over musiseringa, med ei underleg demokratisk samhandling mellom solist og orkester.
Slikt er spesielt viktig i Fiolinkonsert i D-dur, op. 77, verket som Johannes Brahms (1833–1897) skreiv i tett samarbeid med yndlingsfiolinisten sin Joachim, som urframførte det i Leipzig i 1879, med komponisten som dirigent. Det banebrytande ved verket er det symfoniske preget. I lange parti kan me her eigentleg tala om ein symfoni med solofiolin, både av di orkesteret spelar ei mest likeverdig rolle med solisten, og sidan fiolinstemma gjer langt meir enn berre å pryda og spinna vidare på orkestermelodiane. Ho deltek i utviklinga av dei musikalske motiva og temaa.
Uspeleleg
Brahms var av ein generasjon spesialiserte komponistar som ikkje lenger spelte ulike instrument sjølv, som til dømes Bach og Mozart hadde gjort. For å få fiolinstemma mest mogleg «fiolinistisk» var det han vende seg til Joachim, som i sin tur meinte ho var mest «uspeleleg» og føreslo å endra ein del fiolinpassasjar, særleg dei med raske og kompliserte dobbeltgrep. Sjølv om komponisten og praktikaren fann fram til eit kompromiss, galdt verket lenge som eit av dei vanskelegaste i sin sjanger. Dirigenten Hans von Bülow uttrykte det slik: Dette er ikkje ein konsert for fiolin, men mot fiolin.
Det fine med denne innspelinga er at solisten ikkje glattar over det problematiske. I Fausts hender er det tekniske sjølvsagt ikkje noko problem, men ho hevar likevel fram motstanden som ligg i musikken – noko som gjev verket tyngd og truverd.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement