Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Det finst framleis skjulte skattar i forteljinga om The Beatles

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
John Lennon i ei scene frå filmen.

John Lennon i ei scene frå filmen.

Foto: Apple Corps

John Lennon i ei scene frå filmen.

John Lennon i ei scene frå filmen.

Foto: Apple Corps

2947
20241129
2947
20241129

Musikkdokumentar

Regi: David Tedeschi

Beatles ’64

Disney +

Er det ikkje nokre tonar frå «Strawberry Fields Forever» (1967) han snusar på, John Lennon, der han på eit eller anna hotellrom leikar seg med ein melodica – eit slikt lite piano ein kan spele på ved å blåse i det med munnen?

Det er vinteren 1964, og The Beatles er i USA for første gong, i ferd med å nå dei store massane på det nordamerikanske kontinentet gjennom ei ikonisk deltaking på The Ed Sullivan Show. 73 millionar amerikanarar sat framføre TV-skjermen, og klippa frå programmet har vorte spelte i hel i tiåra som har følgt.

Nyrestaurerte snuttar

Det er nok ikkje det opptaket som dreg sjåaren mot Beatles ’64, musikkdokumentaren som premierer på Disney+ i dag. Den verkelege godbiten i denne filmen er snarare dei nyrestaurerte snuttane som Albert og David Maysles laga i løpet av to hektiske veker, og som ikkje har vore rekna som interessante nok før – fluge på veggen-opptak der det ikkje skjer noko viktig, som at ein beatle får tida til å gå med å spele litt på eit leikeinstrument.

I 1964 struttar The Beatles over av ungdommeleg vitalitet og sjarm, med fyndige og freidige svar på pressekonferansar og artige påhitt i aust og vest.

Når brørne Maysles er til stades med kamera utanfor det offisielle opplegget, er ikkje karane mindre tøysete.

«Fokuser på mikrofonen i staden for på mannen», oppmodar Paul McCartney skjelmsk: «Gå mot alle konvensjonar!»

Nett det kan ein ikkje seie at Beatles ’64 gjer. Historisk og kulturell kontekst rammar stødig inn, med samtalar med ulike kvalifiserte snakkande hovud som opplevde korleis det var då «fenomenet The Beatles» slo ned i eit USA prega av eit nyleg presidentdrap og stor politisk og kulturell uro.

Vi får høyre frå alle fire i bandet, og McCartney i eit nyleg opptak gjort i samband med ei fotoutstilling, Paul McCartney: Photographs 1963–64: Eyes of the Storm, i Brooklyn tidlegare i år.

Kalkulert produkt

Martin Scorsese, produsent for filmen, samtalar med Ringo Starr i opptak som også er av nyare dato. Som bakteppe vert den spektakulære boksen The Beatles 1964 Albums in Mono gitt ut i desse dagar. Beatles ’64 er i så måte eit typisk kalkulert Beatles-industrielt produkt, innretta mot ein marknad som ikkje ser ut til å verte metta.

Eg sette meg ved skjermen med moderat interesse, ikkje minst om ein samanliknar med dei forventningane eg møtte Peter Jacksons monumentale Get Back-prosjekt (2021) med. Men det er rart med det.

Nokre av desse Maysles-opptaka viser oss eit Beatles som tek rabalderet på strak arm, idet alt utfaldar seg i rasande fart. Dei har gjennomskoda sirkuset og kan le av det, samstundes som dei stiller seg i manesjen og gjer det som må til.

Og så er det songane, då. Dei er jo like gode seksti år seinare.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis