Costellos Amerika
Elvis Costello pustar støvet av ein klassikar.
Neste sommar er det 40 år sidan Elvis Costello gav ut albumet som er utgangspunktet for ein ny boks med 59 spor.
Foto: Matt Licari / AP / NTB
Rock
Elvis Costello:
King of America & Other Realms
Universal
I boka Unfaithful Music and Disappearing Ink (2015) fortel Elvis Costello at han ut på åttitalet vart «lei av si eiga skriking». Frå no av skulle den akustiske gitaren stå i sentrum, ikkje minst fordi det opna for ei anna synging.
Dei nye songane vart testa ut med berre kassegitaren i hendene, og med svært få tilhøyrarar, på ulike hotellrom. Der sat ofte også T Bone Burnett, som Costello samarbeidde mykje med på den tida, og som vart produsent på det som til slutt vart King of America (1986).
Eit vendepunkt
Det er med utgangspunkt i denne utgivinga at den no 70-årige Costello gir ut King of America & Other Realms. Neste sommar har det gått 40 år sidan plata vart spelt inn i Los Angeles, og dei 59 spora som er samla på den nye boksen, dokumenterer både korleis albumet vaks fram, og korleis det representerer eit vendepunkt i Costellos diskografi, med ein kontinuitet inn i fleire prosjekt i åra som følgde.
Meir rett fram
Ein ny måte å synge på, og ei dreiing mot det akustiske – ei slik orientering innebar også ein annan type låtar. Tekstane skulle verte mindre snirklete og meir rett fram, med Hank Williams som eit av førebileta. Når det gjaldt instrumentering, var det prioriteringane til Burnett som gjaldt. I memoarane skildrar Costello korleis produsenten – på ei flyreise over Stillehavet – gav han ein bunke pappkort, eitt til kvar song, der han hadde skrive ned kva for musikarar han ønskte seg.
Han fekk det som han ville, sjølv om Costello visstnok tvila sterkt på om folka han hadde sett seg ut, ville spele med han. Først kom tidlegare medlemmar i husbandet til Elvis Presley med: Jerry Scheff på bass, James Burton på gitar og Ron Tutt på trommer. Dei fekk følgje av jazzbassisten Ray Brown, trommisen Earl Palmer og Tom Canning på piano.
På King of America kjem dei delikate americanadetaljane som perler på ei snor, som når T Bone Wolk og Jo-El Sonnier tilfører nokre zydecodropar med trekkspela sine, eller når Mitchell Froom set seg ved Hammond-orgelet, noko han gjer ofte.
Som skapt for Costello
Det er fint å lytte til både demoar og konsertopptak på denne boksen, for songar som «Brilliant Mistake», «Little Palaces», «Indoor Fireworks», «I’ll Wear It Proudly» og «American Without Tears» toler fleire tappingar. Dei skarpe observasjonane, og ikkje minst biletet Costello teiknar av USA, «where they pour Coca Cola just like vintage wine», sit som eit skot: «It was a fine idea at the time/ Now it’s a brilliant mistake», heiter det om nasjonen i opningssporet.
Det nye uttrykket var som skapt for Costello. «Elvis veit meir om amerikansk musikk enn 99,9 prosent av amerikanske musikarar», sa Burnett i 2010, då The New Yorker trykte eit portrett av Costello. «Det gir ikkje heilt meining å kalle han ei rockestjerne lenger», skriv Nick Paumgarten der, «han er snarare ein meister i det eklektiske». Det er like sant i dag som det var den gong.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø