Musikk

Bada i raudt

På den tiande plata si har Trampled By Turtles fått med seg Jeff Tweedy.

Trampled By Turtles har gjeve ut ti album.
Trampled By Turtles har gjeve ut ti album.
Publisert

Du veit når du høyrer eit band og straks tenkjer: Wow, denne gjengen må eg høyre på ei scene. Slik er det for min del med Trampled by Turtles, som med sin livlege miks av bluegrass, folk og americana lèt til å levere vital strengeleik så snart dei kjem saman for å spele i lag – som dei gjorde då dei laga det dagsferske albumet Alpenglow.

Du veit den raudfargen du ser på himmelen når sola står opp eller går ned? På engelsk er naturfenomenet kjent som alpenglow. Tittelen passar på fleire måtar, ikkje berre for gløden han rommar, men også fordi han peikar mot eit tvitydig grenseland, ei stemning der lyset anten forsvinn eller kjem.

Endring

I dette rommet av endring finn vi fleire av stemningane på Alpenglow, som i opningssporet «It’s So Hard To Hold On», som sender tankane mine til band som The Avett Brothers og The Felice Brothers – i songar som dette bur det tusen måndagsmorgonar med sine kaffikoppar, for dette er ein type populærmusikk som er forankra i kvardagen: «Steady now, it’s a long way, some days just won’t go.»

Låtskrivar og frontmann Dave Simonett har skrive det meste også denne gongen, med unntak av «A Lifetime to Change», ein låt komponert av ingen ringare enn produsent Jeff Tweedy (Wilco). Alpenglow vart til på den måten at dei to sette seg i ein ring saman med Erik Berry (mandolin), Ryan Young (fele), Dave Carroll (banjo), Tim Saxhaug (bass) og Eamonn McLain (cello) og spelte dei nye songane saman og fann ut korleis plata skulle verte. Så enkelt, og likevel så verknadsfullt, for slik må det vere med materiale som dette.

Ny start

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement