Musikk
Arkivet: Slide Hampton + Arne Nøst
Slide Hampton var jazztrombonist, komponist og arrangør.
Pressefoto
I dag er det eitt år sidan Locksley Wellington «Slide» Hampton ville ha fylt 90 år, om ikkje trombonisten, komponisten og arrangøren gjekk bort hausten 2021. Eit av dei eldste jazzminna mine er ein konsert med mannen og eit lite, knallsterkt storband i restauranten på hotellet Alexandria i Molde under jazzfestivalen der, den sommaren eg fylte 20 år, i 1992.
Det var første gongen eg høyrde slik musikk, og det var litt av ein introduksjon – eit fabelaktig trøkk i det som vel var ei feiring av Dizzy Gillespie.
Her var det mangt å oppdage, og å ta inn, av smått og stort. Kommunikasjonen der framme var godmodig og så kul som det går an. Hampton var venstrehendt, og det seier seg sjølv at det er stas når den første tenorsaksofonisten du høyrer, er James Moody.
Høg intensitet – og likevel vart eg veldig oppteken av mannen som sat ved sida av meg. Han teikna nemleg små portrett av profilane på scenen medan dei så å seie var i sitt ess.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.