Musikk
Arkivet: Ny filmmusikk
Komponist Hans Zimmer har fått mange prisar for filmmusikken han har komponert.
Foto: Rebecca Cabage / AP / NTB
Skal du lage episk storfilm, må du ha episk stormusikk, gestar som er store nok til å fylle rommet og spele med lerretet. Eg trur i alle fall regissør Denis Villeneuve tenkjer slik når han får Hans Zimmer med på laget, først saman med Benjamin Wallfisch på lydsporet til Blade Runner 2049 (2017), med sine ekko frå Vangelis’ lydspor til originalfilmen Blade Runner (1982), og i år til Dune. Til sistnemnde tilfører musikken den ørkenestetiske filmopplevinga fantastisk mykje, i ein lydproduksjon som kviskrar når han skal, og tornar når han må.
Filmmusikk skal medverke til å få deg på kanten av stolen når det trengst, og få veit vel det betre enn John Carpenter – det er ikkje få filmentusiastar som kan nynne fram det enkle temaet til horrorklassikaren Halloween (1978), som har vorte ein av desse snuttane som signaliserer ein heil sjangertradisjon, ikkje minst i internettets mindre og større avkrokar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.