Ank og otte
Mørk og Gimse framfører fire av 1900-talets fremste cellosonatar.
Benjamin Britten (1913–1976) saman med læraren Frank Bridge (1879–1941).
CD
Bridge, Debussy, Janácek, Britten:
Cello Sonatas
Truls Mørk, cello; Håvard Gimse, klaver. Alpha 2022
Det er ein elegisk grunntone i musikken som to av Noregs fremste musikarar, Truls Mørk og Håvard Gimse, presenterer på sitt nye album Cello Sonatas. Her får me 1900-talsmusikk av to engelskmenn, ein franskmann og ein tsjekkar – høvesvis Frank Bridge, Benjamin Britten, Claude Debussy (1862–1918) og Leoš Janácek (1854–1928).
Historisk kan dei fire opusa delast inn i to bolkar. To er komponerte under fyrste verdskrigen, som reaksjon på frykta og meiningsløysa komponistane kjende på då. Dei to andre blei til før og etter krigen.
Bridge og Britten
For Bridge var «The Great War» ein cesur, både personleg og kunstnarleg. Før krigen hadde han komponert i den seinromantiske stilen, som det engelske publikummet elska. Etterpå vende han seg mot eit krassare, meir dissonerande ekspresjonistisk uttrykk – noko som kosta han publikummet.
Cellosonate i d-moll, H. 125, som blei til mellom 1913 og 1917, syner denne utviklinga. Fyrstesatsen er så svermande lyrisk som berre tiår med fred og framgang kan avla. Den ustanselege songen i celloen blir livfullt framført av Mørk, medan det klanglege bakteppet – eit yr av akkordtonar i klaveret – blir halde oppe med stor energi av Gimse. Andresatsen, som blei komponert under krigen, har mindre skjønnklang. I det snøgge midtpartiet «Scherzo» får musikarane til ein atmosfære av ank og otte som høver godt til det pianisten som urframførte verket skreiv om komponisten: at han «fortvila av meiningsløysa ved krigen vandra kvilelaust kring i Kensingtons gater nattetid, utan evne til å finna ro og søvn».
Bridge kjenner eg fyrst og fremst som Brittens lærar. Begge var dei pasifistar, og begge var dei prega av ein verdskrig – for Brittens del den andre verdskrigen, då han som kompromisslaus pasifist måtte tola beisk kritikk. Den store, femdelte Cellosonate i C-dur, op. 65, skreiv han til den russiske stjernecellisten Mstislav Rostropovitsj i 1961. Mørk og Gimse får godt fram spennvidda i kjensleuttrykk som Britten her presenterer. Særleg likar eg tolkinga av andresatsen Scherzo-Pizzicato, der samspelet slår gneistar.
Debussy og Janácek
Debussys fyrste reaksjon på krigsutbrotet var at han slutta å komponera. Men det varte ikkje lenge: «Det var feigskap å berre tenkja på det gruvsame», skreiv han seinare, han ville heller «skapa noko av den venleiken som fienden rasar mot». Den fyrste av seks instrumentalsonatar var Cellosonate i d-moll, L. 135, frå 1915, som han gav ut under namnet «Claude Debussy, musicien français».
Både her og i Janáceks stykke Pohádka («eventyr») – det eldste og einaste verket som ikkje ber tittelen «sonate», men vel kan kallast det – demonstrerer Mørk sin karakteristiske legatoteknikk.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.