JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Ånd og ande

Dei nederlandske musikarane får Bachs kyrkjemusikk til å bløma.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Martin Luther (1483–1546) forkledd som «Junker Jörg» på flukt frå keisaren. Portrett frå 1521.

3148
20211105
3148
20211105

Standard­innspelinga

Johann Sebastian Bach, Johann Christoph Bach:

Bach & Luther

Gesualdo Consort Amsterdam; Musica Amphion.
Etcetra 2012

Eit klassisk musikkalbum kan setjast saman på ymse vis. Éin måte er å ordna repertoaret slik at det svarar til den opphavlege framføringssituasjonen, noko som er mest aktuelt for verk som i utgangspunktet ikkje var konsertmusikk.

Albumserien «Bach in context» frå 2010-åra, som var eit samarbeid mellom vokalgruppa Gesualdo Consort Amsterdam og instrumentalgruppa Musica Amphion, avla CD-ar som lukkast med dette konseptet i høve Johann Sebastian Bachs (1685–1750) kyrkjemusikk. Dei to nederlandske ensembla greidde her å kveikja interessa til lyttarane ved å gjenskapa framføringssituasjonane Bach stod i som kyrkjemusikar. Me får med andre ord Bachs orgel-, orkester- og vokalkomposisjonar i den liturgiske samanhengen som samtidas lutherske gudsteneste føresette.

Gåve frå Gud

Albumet Bach & Luther frå 2012 opna augo mine for den interessante albumserien. Han gjer klart at det å karakterisera ei luthersk gudsteneste som ei «utanommusikalsk» handling er unyansert. Musikken var ein strukturberande del av lutherske gudstenester (ulikt dei reformerte gudstenestene i tradisjonen etter Ulrich Zwingli og Johannes Calvin, som enten var musikklause eller berre med enkel salmesong).

Luther oppfatta nemleg trua, songen og spelet som uløyseleg knytte til kvarandre, jamfør den seinantikke kyrkjefaderen Augustin, som omtala musikken som donum Dei, ei gåve frå Gud. «Die Noten machen den Text lebendig!» – «Notane gjev liv til teksten!» – les me i ein av Luthers «bordtalar». Guds ord skulle altså ikkje berre lesast, men høyrast, for det var musikken som gav ordet ånd og ande.

Stort orgel

Dei to hovudverka på plata er kantatar bygde på Luther-salmane «Christ lag in Todesbanden» (kantate nr. 4) og «Ein feste Burg ist unser Gott» (kantate nr. 80). Den sistnemnde, på norsk «Vår Gud han er så fast ei borg», er vel den mest kjende av alle Luthers salmar. Men som opning og avslutning er der rein orgelmusikk, nemleg den store, såkalla «doriske» Toccata og fuge i d-moll, BWV 538, som blir energisk spelt av Leo van Doeselaar på det praktfulle instrumentet Gottfried Silbermann bygde i St. Georgenkirche i den saksiske småbyen Glauchau i 1730.

Heile albumet er faktisk spelt inn i St. Georgenkirche, med det store barokkorgelet som kraftfullt akkompagnement. Det er spesielt, for til kantatebruk nyttar ein i dag vanlegvis mindre, portable orgel. Til sin rett kjem den malmfulle orgelklangen særleg i opningssatsen til kantate nr. 80, der organisten spelar melodien til dei ulike verselinene i bassen.

På denne plata innfrir både konseptet og tolkinga. Særleg godt likar eg framføringa av kantate nr. 4, der tempoet i dei fleste innspelingar enten er for hektisk eller for sedat. Her har ensembleleiarane Pieter-Jan Belder og Harry van der Kamp funne ei mellomløysing som får Bachs uvanleg kompakte komposisjon til å bløma.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis