Film
Mørkets fyrste
McKay angrip Cheney med alt i ein drivande og deprimerande biografisk satire.
Christian Bale spelar Dick Cheney, og Amy Adams spelar Lynne Cheney i filmen.Christian Bale spelar Dick Cheney, og Amy Adams spelar Lynne Cheney i filmen.
Foto: Matt Kennedy / Annapurna Picture / SP StudiosFoto: Matt Kennedy / Annapurna Picture / SP Studios
Biografi / drama / komedie
Mange minnest kor openberre løgnene som la grunnlag for den siste invasjonen av Irak, var. Og at ikkje berre USA, men òg somme av medlemmene i regjeringa til Bush den yngre og mindre gåverike kunne tene på krigen. Vice er historia om visepresidenten Dick Cheney (Bale), hans machiavelliske veg til makt og dei tragiske konsekvensane av framferda hans.
Krutrøyk
Regissør Adam McKay analyserte finanskrisa med The Big Short på framifrå vis. No held han fram med viljen til å formidle historier om dramatiske hendingar i samtida med vidd og stil. Vice osar av det brennande sinnet han ber mot Dick Cheney. I høgt tempo haglar poenga. Klippen er spenstig og blandar hektisk inn krigsbilete og familiefoto med meir. Christian Bale er strålande som den stille, sleipe, maktsjuke politikaren. At sminkørane er med blant dei åtte Oscar-nominasjonane til filmen, skulle berre mangle. Elles passar Sam Rockwell godt som den einfaldig farlege George W. Bush, og Amy Adams er alltid god. Det ryk av filmforma og stinkar frå sumpen i Washington.
Le eller grine
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.