Moogisk månemusikk
Synthpioneren Mort Garsons bakkatalog er i full elektrosving om dagen.
Elektronisk musikk / Rock
Mort Garson:
Journey to the Moon and Beyond og Black Eye
Sacred Bones
Det meste kjende stykket til den kanadiske synthpioneren Mort Garson (1928–2008) er Mother Earth’s Plantasia (1976), eit album spelt inn med den den gong splitter nye Moog-synthesizeren og med planter som målgruppe (pluss folk som likar planter).
For nokre år sidan blei denne gjeven ut på nytt av Sacred Bones, eit tilbakeskodande plateselskap som grev djupt og plukkar halvgløymde musikalske juvelar fram i dagens ljos. Nyleg har same selskap sleppt to nye Garson-album: Journey to the Moon and Beyond og Black Eye.
Sistnemnde er lydsporet til ein blacksploitation-film med same namn frå 1974 og byd på musikk med film noir-aktig stemning – ein stil enkelte vil kjenne frå Quincy Jones’ Shaft-soundtrack (og Den rosa panteren).
Det er tale om ei dramatisk form for storbandfunk med ein fot eller tre i easy listening, progrock og jungeljazz à la Duke Ellington. Dette er dramatisk detektivmusikk med høg spaningsgrad og perkusjonist som frontfigur.
Medan Black Eye er framført med storband, er Journey to the Moon and Beyond i stor grad fokusert på den elektroniske delen av Garsons musikk. Mange av spora på denne samlinga – av sjeldan og ikkje tidlegare utgjeve materiale – blei produserte for TV: «Moon Journey» sette stemninga under CBS’ (Canadas svar på NRK) direktesending av Apollo 11-månelandinga i 1969; «Zoos of the World» akkompagnerte eit National Geographics-program frå 1970.
«The D-Bee’s Cat Boogie» inviterer til å danse twist til robotrock&roll. På «Music for Advertising #8» og «#6» blir leiken pling-plong-synth-eksperimentering saman med levande band og orkester.
Desse to utgjevingane kombinert gir eit svært interessant og uventa innblikk i breidda i synthpioneren Mort Garsons produksjon.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.