Musikk
Moderleg dansemusikk
RuPauls fjortande er ein spretten dansegolvssymfoni med smittande aura av sunn sjølvtillit.
RuPaul var først å sjå i videoen til The B52s «Love Shack» frå 1989 og har gitt ut musikk sidan 1993. Det nye albumet, Mamaru, hans fjortande, kom ut same dag som første episode av fjortande sesong av TV-showet RuPaul’s Drag Race. I første episode av det som ser ut til å bli ein heidundrande sesong fylt med inspirerande personlegdomar, gjorde dragmoder Ru sin entré på gangplanken i form av ein koreografi til den varmande house- og R&B-låta «Catwalk», omgitt av muskuløse dansarar og ein aura av inspirerande, sann og sunn sjølvtillit.
Mamaru er eit fokusert album der RuPaul med stor suksess viklar 90-tals house- og dance-røtene sine saman med moderne klubbmusikk og hiphop. Produksjonen er fyldig, fengande og blytung på eit vis som vekkjer lyst til både tramping og spretting.
Det djupe houseopningssporet «Just What They Want» er, med varm 90-talsbassynth, ein overraskande bridge-del og framifrå bruk av stemmesamplingar som drivande element, nett det underteikna vil høyre. Liknande meisterleg tilklipping av vokalsnuttar finst både her og der albumet gjennom, til dømes på det medrivande refrenget til den hardtslåande reggaetonlåten «Who Is She». Ingen av dei ti spora kjennest overflødige. Sjølv den autotuneherja og intenst chiptunekrydra hyperpoplåten «Smile» skal det godt gjerast å bli gretten av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.