Mellom stjerner og sommarfuglar
Lars Mæhle har skrive ein ungdomsroman som har alt.
Ungdomsroman
Lars Mæhle:
Andromeda
Samlaget
Andromeda er ein av galaksane i nabolaget til Mjølkevegen. Dei kjem til å kollidere med kvarandre om fire millionar år. Slike fascinerande fakta er mellom ingrediensane når Mæhle bryggjar ungdomsbøker. Så hiv han aktuelle problemstillingar, truverdige motiv, humor, spenning, høgt driv, friskt språk og ei likning som skal løysast, opp i gryta.
Simon er 16 år og flyttar inn i den tredje fosterheimen sin. Raskt skannar han skulen for taparar og vinnarar. Simon kan slåst, men vil ikkje. Han vil sjå på stjerner i teleskopet på rommet sitt. Helst saman med emojenta i nabohuset. Mobbinga av vesle Pippin i klassen appellerer til Simons sans for rettferd. Kan han slåst for andre enn seg sjølv?
Mæhle tek eit godt grep om lesaren når han startar forteljinga i retrospekt. Simon får ein sjeldan sommarfugl i gåve, saman med ein lapp. «No må du halde din del av avtalen», skriv Pippin. Så spolar vi tilbake. Kva har hendt? Kva er avtalen? Forfattaren låner element frå krimsjangeren i opprullinga av mysteriet.
Boka er opprørande og spanande, interessant og inspirerande. Lars Mæhle kan å skrive ungdomsromanar, det er som om han har knekt ein kode og kjenner oppskrifta. Mi innvending er at løysinga på likninga er for enkel og verkar forhasta. Kva om litt av svaret hadde vore opp til lesaren å finne? Andromeda hadde ikkje blitt dårlegare av det.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ungdomsroman
Lars Mæhle:
Andromeda
Samlaget
Andromeda er ein av galaksane i nabolaget til Mjølkevegen. Dei kjem til å kollidere med kvarandre om fire millionar år. Slike fascinerande fakta er mellom ingrediensane når Mæhle bryggjar ungdomsbøker. Så hiv han aktuelle problemstillingar, truverdige motiv, humor, spenning, høgt driv, friskt språk og ei likning som skal løysast, opp i gryta.
Simon er 16 år og flyttar inn i den tredje fosterheimen sin. Raskt skannar han skulen for taparar og vinnarar. Simon kan slåst, men vil ikkje. Han vil sjå på stjerner i teleskopet på rommet sitt. Helst saman med emojenta i nabohuset. Mobbinga av vesle Pippin i klassen appellerer til Simons sans for rettferd. Kan han slåst for andre enn seg sjølv?
Mæhle tek eit godt grep om lesaren når han startar forteljinga i retrospekt. Simon får ein sjeldan sommarfugl i gåve, saman med ein lapp. «No må du halde din del av avtalen», skriv Pippin. Så spolar vi tilbake. Kva har hendt? Kva er avtalen? Forfattaren låner element frå krimsjangeren i opprullinga av mysteriet.
Boka er opprørande og spanande, interessant og inspirerande. Lars Mæhle kan å skrive ungdomsromanar, det er som om han har knekt ein kode og kjenner oppskrifta. Mi innvending er at løysinga på likninga er for enkel og verkar forhasta. Kva om litt av svaret hadde vore opp til lesaren å finne? Andromeda hadde ikkje blitt dårlegare av det.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»