Musikk

Meir enn ei tørke, meir enn ei flod

Debutplata til Sophie Jamieson er sterk kost.

Sophie Jamieson lagar musikk med ei uvanleg konfronterande kraft, skriv Øyvind Vågnes.
Sophie Jamieson lagar musikk med ei uvanleg konfronterande kraft, skriv Øyvind Vågnes.
Publisert

Choosing, Sophie Jamiesons debutalbum, er ei av desse platene som slår meg ut, ja, det er nesten så det er vondt å lytte. Og likevel har eg ikkje hatt anna på øyretelefonane dei siste dagane.

Det dreier seg om musikk med ei uvanleg konfronterande kraft, og det frå første stund, i opningssporet «Addition», som fører meg inn i songuniverset med desse orda: «What did I do last night/ I lost my bike and broke a hole in my memory/ I think I left a part of me behind.» Det tek ikkje mange sekunda før lyttaren skjøner at Jamieson pinefullt presist skildrar eit rusproblem som er i ferd med å styre livet i feil retning.

Artisten har fortalt i intervju at det har vore rart å gi ut desse songane no. Fleire av dei teiknar eit bilete av eit sjølvdestruktivt alkoholforbruk og byggjer på erfaringar som ligg nokre år tilbake i tid. No er Jamieson ein annan plass i livet. At ho likevel heldt fast ved det som har vorte Choosing, er det mange lyttarar som vil setje pris på.

Realitetsflukt

Ein song som «Chrystal» skildrar rusen som både uimotståeleg og passiviserande, som ei flukt frå realitetane i eit øydeleggjande forhold, der fylla legg ein dempar på alt det skarpe. Rommet vert mindre, orda heng fast i munnen, det fell eit slør over alt – «and I prefer it this way», heiter det, hjarteskjerande paradoksalt, og heilt til å forstå. Til slutt vert jakta på drikke alt i ein slags labyrintisk sirkelgang: «searched all corners of this town to fill me up», som det heiter i ein song.

Mange tenkte nok at ei plate frå stortalentet Sophie Jamieson skulle komme lenge før, etter ei rekkje singlar og EP-plater for nokre år sidan, men tida gjekk, og periodevis var ho heilt borte frå låtskrivinga og livnærte seg på andre vis, mellom anna som bartender. Kanskje trong ho å komme ut av noko, og sjå det på avstand, for å kunne fortelje om det slik ho gjer her – eg veit ikkje. Det som er heilt klart, er at det ikkje kjem ut mykje populærmusikk som er som dette. Ein artist som Sharon Van Etten kjem i tankane, med sine hudlause skildringar, og kanskje eit par til, men det krev mykje å gjere om slike livserfaringar til songar av det kaliberet ein finn på Choosing.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement