Bok
Meininga i det meiningslause
Morten Claussen skriv fletta av dei fleste her i landet utan å rope høgt om det.
Morten Claussen er forfattar, essayist og omsetjar.
Foto: Solum Bokvennen
Morten Claussen var 44 år da han debuterte skjønnlitterært med romanen Heartland i 2001, men gjennom heile 1990-talet markerte han seg som ein framifrå omsetjar og essayist med fokus på Samuel Beckett, Franz Kafka og James Joyce, i alt ti titlar mellom 1990 og 1999.
Det han lærte av dette når det gjeld tematikk, språk og livshaldning, tar han med seg inn i sitt eige forfattarskap, som til no omfattar 16 romanar og forteljingar pluss fem diktsamlingar. I seg sjølv imponerande, men mest imponerande er det språklege trøkket og suget i tekstane, den kvernande stilen, det skitenrealistiske innhaldet krydra med svart humor og dei tallause referansane til bibelske førelegg.
Stormar og støv
Heartland-trilogien (2001–2004) må seiast å vere Claussens hovudverk, med titlane Heartland, Badland og Maineland. Med Nord og ned (2011) blei trilogien utvida til ein kvartett, i 2016 med Det fortapte landet i vest til ein kvintett, og no, med Depresjonen, sit vi med ein sekstett i fanget.
I dei fem første romanane er handlinga lagd til det landlege USA på 1980-talet, i Depresjonen blir handlinga trekt tilbake til 1930-talet, til Midt-Vesten med årelang tørke, jorderosjon og sandstormar som gjorde store område ulevelege og la jorda brakk. Det førte til ei folkevandring vestover mot California og stillehavskysten, som John Steinbeck skildrar i klassikaren Vredens druer (1939).
Jack Hall har vendt heim til det området i Kansas der han vaks opp, men alt er borte: mora og søstera Emily, den gjeldstyngde faren som svidde av heile farmen i protest mot bankvesenet, folk han kjente, alle er borte, med unntak av nokre få som klamrar seg fast kring ein stall, ein verkstad, ein kafé, eit bedehus, ei barbersjappe og ei bensinpumpe, mens vasstårnet og siloen tronar i utkanten av landsbyen. Eit typisk westernlandskap, flatt og utan vegetasjon, berre stormar og støv dag ut og dag inn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.