Musikk
Martialske motettar
Gervais var meir vand til å prisa gresk-romerske gudar enn jødane sin.
Ludvig XV, konge av Frankrike frå 1715 til 1774, måla av Louis-Michel van Loo (utsnitt).
300-årsjubileet til kroninga av Ludvig XV i 1722 fekk nok dei færraste nordmenn med seg. Men i Frankrike – i Reims, der seremonien fann stad i katedralen, og ved residensen i Versailles – blei merkeåret 2022 feira med fransk prakt. Musikalsk var det den halvstatlege konsertarrangøren Château de Versailles Spectacles som tok seg av markeringa, gjennom ein serie konsertar i det kongelege kapellet i Versailles.
Det er eit opptak av ein av desse konsertane som kom på CD i fjor, der me får høyra tre store motettar av Ludvig XVs i dag heilt ukjende yndlingskomponist Charles-Hubert Gervais (1671–1744). Sylvain Sartre dirigerer orkesteret Les Ombres og Chœur du Concert Spirituel, to spesialistensemble som rår fullstendig over den vanskelege franske barokkstilen. Likt arkitekturen og interiøret frå perioden bognar han av ørsmå ornament, detaljar som – om dei ikkje blir framførte med avslappa virtuositet – fort kling påklistra.
CD-en er den sjette i serien «Collection grands motets», som dokumenterer ein storfelt fransk musikktradisjon: Grands motets er tonesetjingar av bibelske salmar for kor, solistar og stort orkester som blei framførte under messene monarkane deltok i ved hoffkyrkja i Versailles.
Fransk uttale
Ludvig blei konge berre fem år gamal i 1715, og det var hertug Filip av Orléans som førte formyndarstyret dei fyrste åtte åra. Gervais tente fyrst som kapellmeister for Filip, før Ludvig overtok han som sin kongelege kapellmeister i 1723.
Spesielt spanande er det at konsertopptaket blei gjort nett i Chapelle royale i Versailles, Gervais’ arbeidsstad gjennom 20 år. Lydteknikarane har klart å fanga den spesielle, varme romklangen i kyrkjerommet, og lyttar ein etter, merkar ein også at songarane nyttar den franske latinuttalen, der jubilate blir til «sjybilate», og beatus og Deus til høvesvis «beatys» og «Deys».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.