Bok

Magisk realisme

Lars Mytting auser frå eit oppkomme av overlevert tradisjonsstoff og fri dikting.

Lars Mytting har gjeve ut sin femte roman, nummer to i ein trilogi.
Lars Mytting har gjeve ut sin femte roman, nummer to i ein trilogi.
Publisert

Lars Mytting starta det storslåtte historiske eposet frå Gudbrandsdalen med Søsterklokkene i 2018. No er Hekneveven på plass, og enda skal det komme ein tredje roman før alt er i mål. Handlinga startar i 1880, årets bok går fram til 1919, og i heile denne perioden er Kai Schweigaard prest på Butangen, ei fiktiv bygd i nærleiken av Fåvang.

Som prest kjem han tett innpå bygdefolket, og han blir særleg opptatt av eldre tider, overlevert tradisjonsstoff og segner kring søsterklokkene i den gamle stavkyrkja, i Hekneveven etter dei samanvaksne tvillingane Gunhild og Hallfrid Hekne, som levde først på 1600-talet og opplevde Kringen-slaget i 1612. Men stavkyrkja er borte, søsterklokkene er skilde, ei er i Dresden, den andre på botnen av Løsnesvatnet i Butangen, og Hekneveven har vore borte sidan 1813. Det er ein versjon av jakta på den heilage gralen Mytting tematiserer i desse romanane, og han gjer det på imponerande vis ved å flytte den magiske realismen og skjebneforteljinga inn i den historiske romanen.

Skjebnen

Hekneveven er bygd opp kring tvillingbrørne Jehans Hekne og Victor Harrison, skilde ved fødselen samtidig som mora Astrid Hekne døyr i barsel i 1881. Når dei igjen treffest i 1903, er det tilfeldig, slik mykje i desse romanane verkar tilfeldig samtidig som det er underlagt ein større plan: skjebnen. Alt som er skilt, vender tilbake til der det høyrer heime, på Butangen, og Mytting imponerer ved å skru dette saman på ein måte som lesaren godtar og finn logisk innanfor dei materielle og kulturelle rammene han legg som føring for livsløpa han følgjer.

Samtidig viser han som alltid stor kunnskap og innsikt i gamle driftsformer og gammalt handverk og i moderne grep som blant anna gir elektrisk straum til bygda, og det siste er det Jehans Hekne som står bak. Jehans veks opp under tronge kår hos fosterforeldre, men han fyller Oskeladdens rolle i forteljinga ved at han vinn både «prinsessa og halve kongeriket». Han kjem seg opp og fram saman med den driftige Kristine, og etter kvart sit han som herre på Hekne etter å ha spelt den innfule og forstokka onkelen Osvald Hekne ut over sidelinja.

Fleire livsløp

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement