Magisk om mørkret MørktBiletbokGyrid og Per Ragnar (ill.):Mørkt Samlaget Mamma sløkker lyset og seier god natt. Dag er heilt stille, men frykteleg redd. I mørkret lagar frykta lydar. Knirkar, knasar og kviskrar. Kjem nærare og tek tak i han som ein torn
Mørkt er ei sterk og fantasifull bok om å vere mørkredd.
Mamma sløkker lyset og seier god natt. Dag er heilt stille, men frykteleg redd. I mørkret lagar frykta lydar. Knirkar, knasar og kviskrar. Kjem nærare og tek tak i han som ein tornado. Midt i stormen står Natalie. Er ho ein alv? Eit monster?
Omslaget og innsidepermen varslar ei original og ambisiøs bildebok: svart som natta, med sjølvlysande, skumle vesen som strekkjer seg mot lesaren. Midt på framsida står Dag, liten og redd.
Inne i boka set Per Ragnar Møkleby detaljar i teikneserieruter og skaper dramaturgi ved å la utsnitta bygge opp ei spenning. Alt utan fargar, i grått, svart og kvitt.
Gyrid Axe Øvstengs tekst spelar andrefiolin i alt dette. Teksten støttar og opnar bilda for lesaren si tolking, men lèt mykje vere usagt og opp til fantasien.
Duoen lukkast også godt sist dei samarbeidde. Førstemamma på mars handlar om barnets frykt når mamma må på sjukehus. Denne gongen er det ei meir allmenn frykt dei to tek på kunstnarleg alvor. Kven har ikkje vore redd i mørkret?
Det finaste med Mørkt er likevel at boka kan handle om mykje meir og mykje anna enn å vere mørkredd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.