Bok

Lyset er vårt ansvar

Lyset vinn ein hardt tilkjempa siger i Ali Smiths nyaste roman.

Den siste av dei fire årstidsbøkene til Ali Smith er no komen på norsk.
Den siste av dei fire årstidsbøkene til Ali Smith er no komen på norsk.
Publisert

Sommer er den siste i Ali Smiths vidgjetne årstidskvartett. Dei fire romanane fungerer som sjølvstendige forteljingar samstundes som dei heng saman i ein kompleks collage av refleksjonar over samtida. Smith syner oss dessutan at ingenting er heilt nytt under sola. Forfattaren trekkjer tydelege linjer bakover så vi får auge på samanhengar og forbindelsar med tider og menneske før oss.

Dette er tekster som er brennaktuelle, og som i tillegg kan fortelje seinare generasjonar om korleis vi levde og overlevde i desse merkelege tidene eit par tiår innpå 2000-talet.

Tru på sommaren

«Vi beveger oss instinktivt mot den, som om den må bety noe. Vi ser alltid etter den, ser mot den, (…) ser etter det åpne, fylte bladet, den åpne varmen, løftet om at vi en dag snart, skal kunne lene oss tilbake og la sommeren ta oss, en dag, snart, skal verden behandle oss pent.» Sommaren er meir ein lengt og ein draum, ein indre tilstand meir enn ein ytre realitet. Både bokstaveleg og i overført tyding, i boka er den varme årstida mest tydeleg som kontrast.

Hovudhandlinga på notidsplanet skjer nemleg om vinteren. I sentrum står ein liten familie på tre, mor Grace og dei to tenåringsbarna hennar, Robert og Sacha. Barna er særs engasjerte i dei store spørsmåla i samtida, og dialogane dei har om tema dei er opptekne av, tar opp stor plass i boka.

Det er særs oppegåande barn som diskuterer aktuelle spørsmål som klimakrise, internering av flyktningar og rasisme – og dessutan meir evige filosofiske spørsmål. At barna høyrer til blant dei som tenkjer best og tenkjer lengst, er nokså gjennomgåande i Smiths bøker. Barna er håpet ­– om ei betre framtid og om ei framtid i det heile.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement