Musikk
Lys og mørker
Anders Eidsten Dahl spelar ny, norsk orgelmusikk.
Anders Eidsten Dahl er organist i Bragernes kyrkje i Drammen.
Foto: Dan Tore Stensland
Dei tre verka på Light Shall Shine er skrivne av komponisten Herman Vogt (fødd 1976) til organisten i Bragernes kyrkje i Drammen, Anders Eidsten Dahl. Som Vogt skriv i omslagsheftet, kan det vera vanskeleg å komponera orgelmusikk etter Olivier Messiaen, 1900-talets store orgelkomponist som fornya orgelrepertoaret. Men Vogt vågar – sjølv om han tykkjer dei store klangkapasitetane til dette instrumentet kan verka overveldande (les: avskrekkande).
Tilnærminga hans er å sjå på orgelet som eit blåseinstrument. Sjølv om ein trakterer det via klaviatur og pedalar, blir det jo drive av luft leidd gjennom piper. Likevel kan det produsera vedvarande tonar som i prinsippet kan haldast evig. Slik sett skil det seg frå blåseinstrument, der utøvaren må trekkja pusten, og strykeinstrument, der stroket endar der bogen sluttar.
Verdas lys
Det horisontale, med lange tonar, pregar opningsverket på plata, Light Shall Shine Out of Darkness (2020). Verket tek utgangspunkt i ulike bibelstader. Verknamnet er frå Paulus’ andre brev til korintarane, der lysmetaforen skildrar både Kristus som verdas lys og skapinga i Fyrste Mosebok, med Guds utrop «Det skal bli lys!».
Fyrste delen er innovervend og varsam, medan orgelets majestetiske side trer fram i andre delen, «I Am the Light of the World». Her er akkordane tettare, meir rytmiske og dissonerande, med store spenn i klangstyrken. Den musikalske teksturen i tredje del, der namnet «See the Saviour’s Outstreched Hands» refererer til Bachs «Matteuspasjon», er prega av linne, songlege melodiar med enkelt akkompagnement.
Musikalsk likar eg verket, sjølv om det trengst ein del informasjon (tekst) for å skjøna intensjonane til komponisten. Men eg stussar over at nordmannen nyttar engelske titlar. Kvifor ikkje sitera bibelen på norsk? Den poetiske 1700-talstysken i Bachs pasjon lèt òg platt på engelsk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.