Lygner lokalavisjournalisten tyr til
1. Omtala folk som «talent»: Det er berre lokalavisjournalistar og skrytete besteforeldre som får seg til å slå fast at den fjorten år gamle trommeslagaren utan rytmesans er ein ny Mozart. Anten det er snakk om haltande skulerevyar, pinlege fotballkampar eller dekning av den 67 år gamle kunstnardebutantens fyrste utstilling av fruktfatbilete: Som lokalavisjournalist ser du talentet, og er ikkje redd for å skriva om det.
2. Lata som du veit kven folk er: «Ja, du kjenner jo til Jørund Tjelta på Sørnes? Han som starta helsesportslaget i 1962?» Du seier ikkje noko, men nikkar bekreftande. At du trudde Jørund var eit jentenamn, treng GPS for å finna fram til Sørnes og lurar på kva i helsike eit helsesportslag driv med, held du tyst om. Folk trur lokalavisjournalisten veit det meste. Ingen grunn til å øydelegge den illusjonen.
3. Lata som du er travel: «Det står ein i resepsjonen som vil snakka med ein journalist.» Inga setning får meir fart på lokalavisjournalistar enn denne: Ned med Facebook-fana, opp med sakspapira frå kommunestyremøtet. Gjer det klinkande klart at du alt sit med makspuls fram mot deadline. Ty til ein fiktiv telefonsamtale om du må. For alle veit at den som står der ute, er ingen «Deep Throat».
Linn Iren Nilsen Oppedal
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
1. Omtala folk som «talent»: Det er berre lokalavisjournalistar og skrytete besteforeldre som får seg til å slå fast at den fjorten år gamle trommeslagaren utan rytmesans er ein ny Mozart. Anten det er snakk om haltande skulerevyar, pinlege fotballkampar eller dekning av den 67 år gamle kunstnardebutantens fyrste utstilling av fruktfatbilete: Som lokalavisjournalist ser du talentet, og er ikkje redd for å skriva om det.
2. Lata som du veit kven folk er: «Ja, du kjenner jo til Jørund Tjelta på Sørnes? Han som starta helsesportslaget i 1962?» Du seier ikkje noko, men nikkar bekreftande. At du trudde Jørund var eit jentenamn, treng GPS for å finna fram til Sørnes og lurar på kva i helsike eit helsesportslag driv med, held du tyst om. Folk trur lokalavisjournalisten veit det meste. Ingen grunn til å øydelegge den illusjonen.
3. Lata som du er travel: «Det står ein i resepsjonen som vil snakka med ein journalist.» Inga setning får meir fart på lokalavisjournalistar enn denne: Ned med Facebook-fana, opp med sakspapira frå kommunestyremøtet. Gjer det klinkande klart at du alt sit med makspuls fram mot deadline. Ty til ein fiktiv telefonsamtale om du må. For alle veit at den som står der ute, er ingen «Deep Throat».
Linn Iren Nilsen Oppedal
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.