Meir um Laxness: At Laxness har stor kjennskap til verdslitteraturen er sikkert. Eg nemnde Alfgrimur – Rimbaud. Men møte med Alfgrimur og Brix minner um Dante og Beatrice, han reagerer på same måten. No har eg lese dei bøkene av Laxness som er komne på norsk, andre islandske bøker frå nyare tid har eg ikkje lese, det er einast dikti til Steinn Steinar som kjem til, og Hylens antologi av islandske vers.
Men eg trur eg kan gjera meg upp ein del meiningar um islendingen slik som han stig fram i Laxness’ bøker. Islendingen lever i verdi, ikkje på Island. Island er ikkje noko slutta univers.
Og bygdi på Island er heller ikkje noko avgrensa univers, slik som her i Noreg. Duuns menneske lever og andar i eit avgrensa univers, verdi er ikkje til for dei; den verd dei lever i, strekkjer seg rett nok til Trondheim og nordyver til Lofoten, men ikkje lenger. Vesaas’ menneske kan kanskje lesa eller skriva og lever i truskuldstilstandet, ser det ut til.
Islendingane er eit litterært folk. Eg nemnde Gardar Holm, sa eg forstod han ikkje. Var han kunstnar? Hadde han prøvt å slå seg fram den vegen? Det er ikkje so godt å segja. Eller var heile songaren berre uppdikting av Gudmundson og bladet Isa fold?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.